Magnus Lagabøte, Noregs fjerde Magnus-konge

Publisert Sist oppdatert

Jørn Øyrehagen Sunde (i Dag og Tid 2. februar 2024) har rett i at Magnus Lagabøtes Landslov var eit storverk. Dei humane draga fortel mykje om kong Magnus sjølv, men òg at det norske mellomaldersamfunnet stunda etter fred og semje etter hundre år med borgarkrig. Eg har eit par korrigeringar og nokre tillegg til det Sunde skriv.

Magnus Lagabøte var den fjerde, ikkje den sjette Magnus-kongen i Noreg, slik Sunde skriv. Katalogen til utstillinga på Nasjonalbiblioteket har same feilen. Den er mykje utbreidd, ikkje minst etter at Norsk biografisk leksikon kom i ny utgåve rundt tusenårsskiftet. I kongerekka er alle Magnusar som sagaene kalla konge, gjevne eit nummer.

Nummereringa har inkje grunnlag i kjelder, noko dei gamle visste. I tre latinske dokument kallar kong Magnus Lagabøte seg for quartus (IV): Perth-traktaten (1266), fredsavtala med England (1269) og Bergenskonkordatet (1273). Båe sønene hans, kongane Eirik og Håkon, kalla seg søner av Magnus IV Håkonsson i omskrifta på segla sine. Håkon V kalla òg faren for Magnus quartus i eit dokument frå 1310. Alle desse kjeldene er dokumentariske og samtidige.

Asgaut Steinnes drøfta kongerekka i Aftenposten 23. august 1957: «Om rekkjenummer på norske kongar i mellomalderen». Den første sagakongen han ekskluderte, var Magnus Haraldsson, den eldre broren til Olav Kyrre som døydde før han. Den andre var Magnus Blinde, som måtte dela kongedømmet med Harald Gille. I Snorres kongesagaer vert òg Harald Gilles son Magnus nemnd som konge saman med brørne Øystein, Sigurd og Inge. Han døydde tidleg, og få har rekna han blant Noregs kongar.

Når Magnus rekna seg som Norges fjerde Magnus-konge, kan to eller tre med same namn ikkje verta rekna inn i kongerekka, sjølv om pretensjonen kanskje var der. Steinnes fann at dei som vart rekna inn i kongerekka, anten var einekongar eller galdt for å vera det. Det passar med mi vurdering: Noregs konge måtte rå over Norvegr, den vestnorske ’vegen mot nord’ som fall saman med Gulatingslagen. Arveleg einekongedøme vart lovfesta i tronfølgjelova frå 1163, men var òg viktig for Sverre og Sverre-ætta.

Den andre feilen i Sunde sin artikkel er at Landslova blei lagd fram fyrste gong på Frostatinget i 1274. Alle biskopane var til stades i sine tinglag da Landslova vart vedteken, men frå Gottskalks annal veit vi at sumaren 1274 var erkebiskop Jon Raude framleis i Frankrike. Han leid skipbrot i Eidsvåg måndagen etter allehelgensdag, 5. november 1274. Gåva til kong Magnus frå den franske kongen, ein splint av Kristi tornekrone, vart berga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement