Meir om seinfølgjer

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Publisert

Gunhild Alvik Nyborg hevdar i Dag og Tid 19. april at FHI driv vitskapsfornekting fordi vi tolkar den vitskapelege litteraturen om seinfølgjer etter covid-19 annleis enn ho. Ho ser ikkje heilt poenget med kritisk gransking av litteraturen og ser ut til å tru at kvantitet trumfar kvalitet.

FHI les systematiske oversyn over litteraturen og lagar sjølv nokre slike oversyn. Dei skal trekke ut kunnskap ein kan stole på blant mange artiklar om temaet.

Denne runden i Dag og Tidstarta med merksemda om nokre førebelse grafar ein medarbeidar ved FHI delte med NRK. Nyborg såg dei og slo utan vidare fast at «overdødeligheten av hjerte- og karsykdom hos yngre er et brudd med en mangeårig fallende trend».

No har FHI publisert den årlege rapporten om overdødelegheit. Den syner at dødelegheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015, og at det ikkje er auke i hjartedødsfall i gruppa.

Eit systematisk litteraturoversyn om hjartesjukdom etter covid-19 tyder på at tilsynelatande urovekkjande funn kjem av skeivskap i studiane. Til dømes synte dei dårlegaste studiane at 47 prosent hadde skade på hjartemuskelen etter covid-19, medan dei betre studiane synte at talet var berre 0,35 prosent.

Nyborg held fram med ukritiske konklusjonar, til dømes at covid-19 aukar risikoen for Alzheimer-sjukdom, basert på ein dårleg studie frå USA. Den enkle forklaringa er at nokre eldre har udiagnostisert Alzheimer som vert oppdaga fyrst under opphaldet på sjukehus for covid-19. Då oppstår det misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement