Mistolking eller misbruk av samisk historie?UrfolkIvar Pors MunizØsteråsI Nordnorge, mest i Finnmark og Troms, har i fleire år debatten om samiske rettar , m.a. retten til land og vatn og styring av lokal og regional politikk bølgja fram og tilbake. Denne

Publisert

I Nord-Noreg, mest i Finnmark og Troms, har i fleire år debatten om samiske rettar, mellom anna retten til land og vatn og styring av lokal og regional politikk, bølgja fram og tilbake. Denne debatten har også fått ein historisk dimensjon der dei som har vorte kalla «samelandsideologane» saman med lokale historiske miljø, har kjempa for «urfolksretten». Dette er stundom tufta på historisk materiale. Mange er ikkje samde i deira tolkingar.

I utgåve 4–17 av Syn og Segn har til dømes Ketil Zachariassen, fyrsteamanuensis på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT), fått prenta ein artikkel med tittelen «Ei historisk slagmark» med undertittelen «Samisk historie blir brukt og av og til misbrukt i kamp for politisk legitimitet og juridiske rettar. Kva er det med denne historia som er så omstridd?» Zachariassen arbeider på feltet moderne historie, med særleg ansvar for urfolks- og minoritetshistoria og har gjeve ut ei rad publikasjonar.

I denne artikkelen skriv han om fleire samepolitiske spørsmål og særskilt om dei som i mediadebatten ikkje er samde med dei syna som er tufta på fagmiljøet ved UiT som han sjølv er ein del av. Han dreg til dømes fram dei som meiner at også nordmenn er urfolk i Troms og Finnmark, eller at samane ikkje var dei fyrste som slo seg ned her og at fleire av dei vandra inn mykje seinare, og så bortetter. Han går mellom anna til åtak på historikaren Trond Gabrielsen på nettstaden Finnmarkforlag.no – «som i sine ’Falske teser’ hevdar å dokumentere korleis historiker- og arkeologimiljøet i og rundt Universitetet i Tromsø einsretter, politiserer, fordreier, omdefinerer og forfalsker samisk og nordnorsk historie».

Eg har sjølv lese fleire av desse tesane, men stussar fælt når Ketil Zachariassen skriv «At fleire har tilbakevist påstandane og tesane frå Gabrielsen og synt at dei ikkje held, tar korkje han eller tilhengjarane notis av. Igjen og igjen ser ein liknande argument og synspunkt i det offentlege ordskiftet.»

Som ivrig avislesar fylgjer eg med i den debatten som forfattaren viser til. Men for at ikkje dette skal bli rein synsing, vil eg be om at Ketil Zachariassen, sameleis som Trond Gabrielsen gjer i sine «Teser», gjev oss som les, naudsynt dokumentasjon. Me treng veta kven som har tilbakevisa det Gabrielsen har skrive, og kor me finn desse tekstane. Det hadde òg vore monaleg interessant å få sjå deira sakstilfang og tolkingar og dei konklusjonane som ligg attom påstanden om at tesane ikkje held mål. Kjem ikkje dette fram, vert jo det heile berre eit slag i lufta? Det verkar som dei fleste faghistorikarne her sørpå ikkje bryr seg spesielt om den nordnorske historieskrivinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement