Nær på eller fjernt frå røynda?
Jan Gunnar Røise i rolla som Reiulf Steen i NRK-serien Makta.
Foto: Motlys/Novemberfilm/NRK
Makta syner mangel på sjangermedvit.
I førre utgåve av Dag og Tid har Rune Slagstad skrive ein interessant artikkel om maktkampane i Arbeidarpartiet på 1970- og 1980-talet. Bakgrunnen er sjølvsagt tv-serien Makta.
Heilt i byrjinga kommenterte han ein artikkel eg hadde i Dag og Tid 15. desember. I den drøfta eg tilhøvet mellom fakta og fiksjon i seriar som dreier seg om politikk og historiske hendingar. Artikkelen min var ei sjangerdrøfting, ikkje ein nær kommentar til dei store politiske hendingane, sjølv om eg peika på at eg tykte desse kom i bakgrunnen i måten serien framstiller maktkampane i Arbeidarpartiet på.
Når Slagstad skriv om Makta i artikkelen sin, kommenterer han ikkje serien som TV-spel. Han tek først og fremst opp den verkelege maktkampen i partiet. Eg skreiv om Makta som eit døme på eit historisk dokudrama. Som eg trekte fram i den førre artikkelen, byggjer dokumentariske drama på det som kan kallast realismen i handlinga, og det som kan kallast realismen i karakterane. I båe høve heng det saman med korleis det røyndomsnære i framstillinga kan tolkast.
Realisme i handling framstiller den historiske logikken i handlinga. Den forklarer kvifor det som skjer, hender. Den syner motsetningar og korleis dei vert løyste. Men dei treng ikkje vere detaljtru, og det kan gripast inn i handlinga slik at ho blir broten. Makta er stundimellom oppfinnsam – til dømes i korleis møbelhandlaren vender seg til sjåarane, eller når skodespelarane går ut av karakteren og drøftar korleis dei skal spele. Det er grep som Brecht kalla «verfremdung». Det tener til at sjåarane blir medvitne om at dei er vitne til noko som er konstruert med grunnlag i historiske hendingar. Det same gjeld å blande komiske og alvorlege element.
Det som i og for seg er tragisk, kan også omskapast til komedie, endå til bli farse. Men det må vere tufta på ei form for logikk. Dette har til dømes Andreas Viestad trekt fram på Facebook ved å syne til filmen The Death of Stalin av Armando Iannucci. I den filmen er medvitet om kva for krav som sjangeren stettar, klar.
Det er ikkje tilfellet i Makta, som vaklar mellom sjangrane. Noko er komisk, noko alvorleg nok. «Tragedie eller farse?» som Marx skreiv. Eller som Georg Johannesen la til: «Hendte det på norsk?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.