Journalisten frå Dag og Tid blei overraska i reportasjen 3. september frå opninga av Vinje-senteret. Nokon hadde fortalt henne at namnet var etter Vinje kommune, ikkje etter A.O. Vinje. Eg er like overraska som journalisten.
Ideen om eit litterært senter i Vinje kom frå kulturavdelinga i Vinje kommune i 2010. Det kan godt hende at dei som då tenkte så stort, sikta til kommunenamnet. Sikkert er det iallfall at Nynorsk kultursentrum knytte namnet til A.O. Vinje frå første stund, og det vil seie vinteren 2011. Gav namnet eit hint om adressa, var det ein pluss, men heller ikkje meir. Difor blei eit utsnitt frå signaturen til Vinje kring 1860 den moderne logoen for senteret. Denne logoen blei lansert vinteren 2016 og var i bruk til Nynorsk kultursentrum sette det heile i [hake]parentes i fjor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.