Nei takk til «Den legendariske Georgssoga»

Lyriker og magister i litteraturvitenskap Georg Johannesen.
Lyriker og magister i litteraturvitenskap Georg Johannesen.
Publisert Sist oppdatert

Interessa for retorikk i Vesten har auka kvar gong demokratiet har vore truga. Georg Johannesen opplevde at det jamt vart verre å kome til og lite øyrens lyd å få. Han ville skjøne strukturar som i stort og smått sender menneske fram og tilbake mellom ytterpunkt; såleis mellom fridom i venskapleg kappestrid og strukturell overstyring. Retorikk er ein kampsport; ikkje for å knuge andre, men for å utvikle evna til sjølvforsvar.

I to romanar og i lyrikk og sakprosa krinsa skrivemåten til Georg Johannesen kring tankefridom og tanketvang. Korleis kome ut av slike sirklar? Jau: Kunsten ser på deg. Du som lesar vert vurdert av antikke og nye tekstar med utside på våre eigne illusjonar. Retorikk opnar for betre sjølvmedvit om rolla vår i kulturen. God lyrikk set ned lesetida, skaper ettertanke og staggar vår hastige flukt framover.

Somme har angst for essayistikk og lyrikk: Kva slepp vel laus om tanken blømer ustyrleg? Til vern harpar ein gjerne i skulen på periodetrekk og verkemiddel. Slikt er ikkje morosamt etter ein del rundar. For Georg Johannesen stod det heilt annleis: Ved å sjå måten meining vert strukturert på, skjønar ein prosessane av binding og frigjering i kulturopplevinga. Hermeneutikk, tolkingslære, handlar om tolkingskonfliktar der bjelken i vårt eige auge syner seg tydelegare.

Georg Johannesen var lite oppteken av å få rett; retorikk var inga lære om å vinne. Han var ein oppdagar, og lærte andre å oppdage. Vitskapsteoretisk stod han på Karl Poppers The Logic of Scientific Discovery, og i pakt med Thomas Kuhns The Structure of Scientific Revolutions visste han at repetisjonar i lærebøker, dømesamlingar og institusjonar hindrar nytenking.

Det ferske, ikkje enno 30 år gamle Universitetet i Bergen utvikla utetter syttitalet mengder av nye tiltak, ikkje minst innom kulturforsking. Ny forsking og nye teoriar var oppe til dagleg tverrfagleg drøfting og påverka alt frå folkloristikk, kunsthistorie og filosofi til nasjonalspråksfag og medievitskap.

Yngre akademikar og studentar forma Retorisk Forum (RF) i 1988. «Vaksne» tilsette var lette å be med. RF fekk midlar frå og oppgåver for Det historisk-filosofiske fakultetet, vart del av Senter for Europeiske Kulturstudier og var med på mange nummer av skriftserien der. Eit stort seminar var i 2003 i Gentofte, med fire norske institusjonar og retorikkmiljøet i København. Nettverket varte ved til 2010. Dette var ingen «privat klubb», som biografen Fidjestøl seiest hevde på si signingsferd land og strand ikring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement