«Norske elevar er framleis brikker i eit politisk spel.»

Elevar på eit skulebibliotek.
Elevar på eit skulebibliotek.
Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har ved kunnskapsministeren lagt fram «Ungdomsmeldinga», ein NOU med vyar og rammer for 5.–10. steg i skulen. Det som har fått mest positiv merksemd der, er at ein tek på alvor dei negative konsekvensane av overdriven skjermbruk, og at ein ønskjer seg sterkare satsing på praktisk-estetiske fag i skulen. I tillegg skal dei utskjelte nasjonale prøvene bli bytte ut med læringsstøttande prøver.

Det er eit grep som har pressa seg fram gjennom mange års motstand mot desse prøvene, sjølv om mange nok er redde for at dei læringsstøttande prøvene berre blir nasjonale prøver med eit nytt namn og eit litt anna bruksområde. Nasjonale prøver har nemleg hatt eit dobbelt føremål, som fagleg indikator og styringsparameter, og no skal visst nok styringsdelen bort.

Tre greie grep, sjølv om det ikkje følger med dei store pengane, om ein til dømes samanliknar med KI-milliarden, der det blir lova 200 millionar i året på KI-forsking kvart av dei fem neste åra. Det er heller ingen tvil om at det vil koste store pengar å utvikle nye læringsstøttande prøver, og vi blir ikkje kvitt dei gamle før dei nye er klare.

Det som er urovekkande, er at dei grepa som er føreslegne, er trygt innanfor det ideologiske regimet vi har hatt i skulen i mange år, der det blir lagt større vekt på kor vi hamnar på internasjonale målingar, enn på alternativet: å sjå kor godt vi lukkast med å realisere dei fordringane som er i dei nasjonale læreplanane.

Som stipendiat Elise Djupedal frå NTNU antydar i innlegg i Utdanningsnytt, legg kanskje denne meldinga mest opp til å mjuke opp vegen til betre Pisa-rangering. Kunnskapsministeren kunne gått for eit breitt syn på skulen sitt oppdrag og tona ned Pisa, men i retorikken hennar vert Pisa framleis framstilt som eit edrueleg mål på skulen sin kvalitet. Norske elevar er framleis brikker i eit politisk spel der partia knivar om å briske seg med den beste skulepolitikken.

Ein kan seie mykje om Gudmund Hernes sine læreplanar (L97), men planane som vart lagde under hans regime, var i det minste tufta på eit heilskapssyn der eit integrert menneske er meiningssøkande, skapande, arbeidande, allmenndanna, samarbeidande og miljømedvite. Homo ludens var han ikkje villig til å inkludere, bortsett frå det er dette ein modell som framleis kunne ha vore gyldig som fundament i ein læreplan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement