JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3177
20240607
3177
20240607

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Verdsbilete

Me står overfor tre store konfliktar i dag – ein i Midtausten, ein i Asia og ein i Europa, konfliktar som går fleire tiår tilbake i tid. I alle desse tre konfliktane har USA, med vestverda på slep, spela ei viktig rolle. Det som kjenneteiknar alle tre konfliktane, er at USA og vestverda fram til no har handla ut frå styrke.

Som i nesten alle konfliktar er den sterke parts grunngjeving av det edlaste slag, enten i form av kamp mot terrorisme i Palestina, mot Putin-regimets imperiebygging i Europa, eller mot det kinesiske kommunistpartiets aggresjon i Sør-Kina-havet og overfor Taiwan.

Dette verdsbiletet – at vestverda med USA i spissen kjempar ein rettvis kamp mot terror, diktatur og ekspansjon – kan ein sjølvsagt velja å tru på; Dag og Tid gjer sanneleg sin del av jobben. Men fleire og fleire land i den delen av verda me kan kalla det globale sør, trur ikkje på dette. For særs mange land er Russland og Kina pålitelege partnarar både når det gjeld diplomati, politikk og handel. Russland spelar ei viktig balanserande rolle i utvidinga av BRICS, og Kinas pragmatiske program for handel og utvikling er i ønskt velkommen i store delar av verda.

Sjølv har eg budd i over tjue år i Kina, og opplevd kor langt frå sanninga det biletet vestverdas medium teiknar av landet, er frå røynda slik ein vanleg kinesar opplever det.

I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ. Fram til no har me ført våre krigar fordi me kan, fordi me risikerer lite, fordi våre narrativ har dominert i media, og fordi krigane har hatt totalt asymmetriske styrkeforhold i vår favør, ofte i form av avstandskrigar med fly eller dronar.

Dei siste månadars utvikling bør ha lært oss at Israel med støttespelarar ikkje er allmektige i regionen, at Russland har våpen fullt på høgd med våre, og overlegen våpenproduksjonskapasitet, og at Kinas styrke og vilje til forsvar av eigne standpunkt er udiskutable.

For den som vil sjå gjennom tjukke lag av vestleg propaganda, er det heller ikkje slik at den grunnleggjande årsaka til desse tre konfliktane har endra seg dei siste tiåra – Russland ynskjer ikkje ein fiendtleg militærallianse nær sine grenser, palestinarane har aldri akseptert ein israelsk settlarstat basert på ein herrefolksideologi, og for Kina representerer eit sjølvstyrt Taiwan ein uavslutta borgarkrig.

Det er ikkje berre endra styrkeforhold i kvar einskild av desse konfliktane, men det sterke partnarskapet mellom Russland og Kina bør gje oss ekstra grunn til varsemd med omsyn til sabelrasling, for desse to landas kombinerte ressursar og kapasitetar overgår truleg vestverdas. Det bør vera klårt at desse to stormaktene har sterke sams interesser i å demma opp mot det dei opplever som amerikansk-vestleg ekspansjon.

Konklusjon: Ingen ting tyder på at vestverda har styrke til å vinna i dei konfliktane ho er involvert i. Desto større grunn til å erstatta ynskjetenking med realisme, skitkasting med diplomati, og å engasjera seg med motparten i reelle samtaler for å finna løysingar på desse konfliktane som er akseptable for alle partar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis