Ny president i Indonesia
«Indonesia har no fem års presidentperiodar, med høve til attval éin gong, liksom USA – for å blokkere for nye trettiårspresidentar som Soeharto.»
Den nyvalde presidenten i Indonesia, Prabowo Subianto (til venstre), i følgje med den avtroppande Joko Widodo går til innsettingsseremonien i presidentpalasset i Jakarta.
Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utanriks
2024 er eit år fullt av potensielt lagnadstunge val, og det kan nok også gjelde det fjerde folkerikaste landet i verda, Indonesia, med 276 millionar menneske. Der hadde dei presidentval alt i februar, med Prabowo Subianto Djojohadikusumo som klar sigerherre. Men først nyleg, den 20. oktober, overtok han embetet etter forgjengaren sin, Joko Widodo, eller Jokowi, som han mest blir kalla.
Dette er namn få nordmenn kjenner og forbind noko særleg med, og det kan vere gode grunnar til å sjå nærare på situasjonen ved eit slikt omskifte, overgangen frå den sjuande til den åttande presidenten i Indonesia etter at landet gjorde seg sjølvstendig i 1945.
Prabowo Subianto er fødd i 1951. Far hans var ein sentral politikar under dei to første presidentane i Indonesia, Sukarno (1945–68) og Soeharto (1968–98). Prabowo gjorde militær karriere under Soeharto, som også vart svigerfar hans, og hadde ei sentral rolle under okkupasjonen av Aust-Timor frå 1975 av, med den statsterrorismen det innebar.
I 1998, det året Soeharto vart pressa til å gå av etter massive opptøyar, var Prabowo aktiv i undertrykkinga av opptøyane. Fleire demokratiaktivistar vart fanga og torturert, og andre vart kidnappa og «forsvann». I denne fasen var det òg interne motsetningar blant dei militære, og denne maktkampen tapte Prabowo. Han vart avsett og valde deretter å dra utanlands (til Jordan) og satse på forretningsverksemd, med stor sukess.
Men etter nokre år orienterte han seg mot politikken i det nydemokratiserte Indonesia, med sikte på presidentvervet. Indonesia har no fem års presidentperiodar, med høve til attval éin gong, liksom USA – for å blokkere for nye trettiårspresidentar som Soeharto. I 2014 stilte Prabowo som presidentkandidat. Imot seg fekk han den langt yngre Jokowi, den gongen guvernør i Jakarta, som hadde blitt populær som ein effektiv og pragmatisk og ukorrupt styrar i eit verv der han kunne gjere noko for vanlege folk. Jokowi vann valet med klar margin.
Som president gjekk Jokowi inn for ein energisk politikk bl.a. for å forbetre infrastrukturen i landet og bygge ut vegar, jarnbanar, hamner og flyplassar. Han har gjort det til eit hovudmål å styrke landet som sjømakt. Derimot skuffa han dei som ønskte at han skulle ta eit oppgjer med menneskerettsbrota i Soeharto-tida; her stod han for ei «overglattings»- og tausheitsline. Han har òg stramma inn på menneskerettane bl.a. med auka bruk av dødsstraff i narkotikasaker og fengselsstraff for ytringar retta mot presidenten.
Det neste presidentvalet, i 2019, vart ein repetisjon av det førre. Jokowi søkte attval, og Prabowo stilte mot han. Igjen vann Jokowi, no med ein margin på 10 prosent over Prabowo.
Jokowi kunne dermed halde fram med sin politikk. I den andre presidentperioden sin sette han i gang eit nytt og stort prosjekt: å bygge ein ny hovudstad på austkysten av øya Kalimantan (Borneo), kalla Nusantara. I Jakarta hadde klimaendringane og det stigande havnivået ført til at delar av byen hadde begynte å søkke ned i havet.
Men kort etter valet i 2019 gjorde Jokowi ein ny vri: Han utnemnde Prabowo til forsvarsminister. Da valet i 2024 nærma seg, stadfesta han denne alliansen ved å støtte Prabowo som ny presidentkandidat. Som visepresidentkandidat tok Prabowo Jokowis eigen son, Gibran Rakabuming Raka. To andre politikarar stilte som motkandidatar, men i valkampen dominerte no Prabowo ganske overlegent, og da valet vart halde i februar i år, vann han med 58 prosent av røystene.
Korleis han greidde dette med den bakgrunnen han hadde, vil nok lenge vere eit vanskeleg diskusjonstema. Det som er sikkert, er at han i valkampen klarte å framstå på ein «modernisert» måte som langt på veg viska vekk inntrykket av rolla hans som ein av Soehartos «hardlinarar».
Gjennom ein effektiv og svært vellykka bruk av Tiktok og andre sosiale medium oppnådde han kultstatus hos den yngste generasjonen, som vel å merke ikkje hadde opplevd Soeharto-tida på kroppen. Hans politiske profil i dag ligg såpass nær Jokowis at det mest ser ut som han kjem til å halde fram politikken til forgjengaren – Jokowi vil i den nye konstellasjonen nok stadig ha innverknad på det som skjer.
Dei som arbeider for å styrke demokratiet og menneskerettane, er nok mildt sagt skeptiske, for det omsynet ser ikkje ut til å stå høgt i kurs hos dei nye leiarane.
I dei geopolitiske stridsspørsmåla prøver Jokowi og Prabowo å følgje ei kompromissline og halde oppe eit positivt forhold til både USA og Russland. I Midtausten-spørsmålet står Indonesia på ei klar propalestinsk line. I forholdet til Kina, der det jo er klare spenningar også i havområda rundt Indonesia, har Prabowo markert ei avspenningsline.
Det som skjer i Indonesia, blir jo sjeldan synleggjort i norske medium, men det kan nok vere gode grunnar til å følgje utviklinga også i det landet den kommande tida.
Lars S. Vikør er Indonesia-kjennar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)