Nynorsk og Nobel-pris

Publisert

Visst er det stas med Jon Fosses Nobel-pris. Det er stas for oss norske fordi han kjem frå vårt land. Det er stas for oss som er opptekne av samfunnets sårbare, at ein som skriv meir om antiheltar enn om heltar, får prisen. Det er stas for oss som helst held oss til nynorsk, at han bruker vårt skriftmål. Og det er stas for oss som er opptekne av språkleg mangfald, at eit skriftmål med i global samanheng få brukarar kan gi grunnlag for ei slik utmerking.

Men me bør ikkje gå av skaftet, slik eg synest Ottar Grepstad gjer over to sider i Dag og Tid 8. desember. Det var Fosse som vart prisa, ikkje nynorsk. Når Grepstad skriv at Fosse kjem frå det minste språksamfunnet som til no har fått ein slik pris, gløymer han Laxness og kanskje fleire. Når han skriv at utbygde nynorske institusjonar er ein føresetnad for prisen, følgjer det av det at folk som nyttar skriftmål med mindre samfunnsvern, samisk, færøysk, romanes og baskisk, til dømes, etter hans syn må skifte skriftmål for å bli anerkjende på liknande vis.

Og når han skriv at digitalt, talemålsnært skriftmål er eit problem fordi det gjer skrivande folk usikre, ser han vekk frå at det å famle seg fram, å ha det gode framfor det korrekte som rettesnor, ofte kan gjere skrift betre. Den som før Fosse var nærast av nynorskforfattarar til å få ein slik pris, Olav Duun, famla seg fram med eigne skriftformer. Torgny Lindgren med sitt dialektprega nordsvensk og Alf Prøysen med dialekt i skrift har gjort nordiske skriftmål rikare. Og ein norsklektor med det korrekte som rettesnor ville ha sett tusen raude punktum og like mange store forbokstavar i Septologien til Fosse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement