JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om lekfolk, ekspertar og ørn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1890
20240830
1890
20240830

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Havørn

Takk til ornitolog Alv Ottar Folkestad for eit godt og grundig tilsvar til leiaren min om havørna. Folkestad kan historia og har sjølv vore vitne til nedgangen i sjøfuglbestanden og auken i talet på havørn i ein mannsalder etter fredinga i 1968. Lekfolk som meg får lytta og læra, og det har me ikkje vondt av, snarare tvert om.

Det Folkestad ikkje nemner, er at det finst andre syn enn hans eige også mellom ekspertar på hopehavet mellom ørna og sjøfuglane. Skiljet går altså ikkje berre mellom lærd og lek i dette spørsmålet, som Folkestad gjev inntrykk av, men også mellom fagfellar. Leiaren i Dag og Tid var inspirert av fagleg solide kjelder som rett og slett ikkje lèt til å vera heilt samde med Alv Ottar Folkestad.

«I 2020 forsvant den siste krykkja fra Vedøy på Røst, som på 1980-tallet var kjent som et av Nord-Europas rikeste fuglefjell. Vår studie viser at økt predasjon fra havørn har bidratt til at bestanden ble utryddet», seier til dømes Tycho Anker-Nilssen, seniorforsker i Nina, i ei pressemelding frå i fjor som byggjer på ein vitskapeleg artikkel i Journal of Applied Ecology, forfatta saman med Annette L. Fayet og Tomas Aarvak.

Denne artikkelen er meir nyansert enn leiaren i Dag og Tid, då han seier at havørna ikkje er einaste årsak til bestandsnedgangen for sjøfuglane, men i ein situasjon som elles er prekær, til dømes på grunn av matmangel, kan havørna vera avgjerande. Anker-Nilssen konkluderer heller ikkje med at det enklaste er pistol, slik leiaren ymtar om. Det får stå på mi rekning, men det var òg nett dette Vardø-ordførar Tor Erik Labahå denne veka kravde på vegner av ein sviktande lomvibestand på Hornøya.

Det er i det minste tvil om kva effekt eit aukande havørntal kan ha på fuglekoloniane. Leiaren talte rett og slett for å lata denne tvilen koma dei raudlista artane til gode medan dei framleis finst.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis