Om lekfolk, ekspertar og ørn
Takk til ornitolog Alv Ottar Folkestad for eit godt og grundig tilsvar til leiaren min om havørna. Folkestad kan historia og har sjølv vore vitne til nedgangen i sjøfuglbestanden og auken i talet på havørn i ein mannsalder etter fredinga i 1968. Lekfolk som meg får lytta og læra, og det har me ikkje vondt av, snarare tvert om.
Det Folkestad ikkje nemner, er at det finst andre syn enn hans eige også mellom ekspertar på hopehavet mellom ørna og sjøfuglane. Skiljet går altså ikkje berre mellom lærd og lek i dette spørsmålet, som Folkestad gjev inntrykk av, men også mellom fagfellar. Leiaren i Dag og Tid var inspirert av fagleg solide kjelder som rett og slett ikkje lèt til å vera heilt samde med Alv Ottar Folkestad.
«I 2020 forsvant den siste krykkja fra Vedøy på Røst, som på 1980-tallet var kjent som et av Nord-Europas rikeste fuglefjell. Vår studie viser at økt predasjon fra havørn har bidratt til at bestanden ble utryddet», seier til dømes Tycho Anker-Nilssen, seniorforsker i Nina, i ei pressemelding frå i fjor som byggjer på ein vitskapeleg artikkel i Journal of Applied Ecology, forfatta saman med Annette L. Fayet og Tomas Aarvak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.