Om moralisme og hybris i Tvedts bistandsanalysar
«Å redusere ein kompleks situasjon til eit spørsmål om norsk naivitet og ’godheitstyranni’ er ei grov forenkling.»
Sivile som har flykta frå det krigsherja Sudan.
Foto: Jok Solomun / Reuters / NTB
Les også
Anders Breidlid er professor ved OsloMet.
Foto: Erik M. Sundt
Å forske er å utfordre hegemoniske paradigme
Les også
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
Les også
Norsk bistandshistorie kom ut i 2003.
Terje Tvedt og norsk bistandshistorie

Erik M. Sundt
«Å vere kritisk til noverande forhold i Sør-Sudan og til Kiirs styre står ikkje i motsetnad til å ha støtta fredsprosessen og frigjeringa i si tid.»
Les også
Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag
«Breidlid skil i det heile ikkje mellom forsking og aktivisme»
Les også
Terje Tvedt finn motsetnader mellom intensjon og resultat i den norske bistandspolitikken, i deltakinga vår i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, i handteringa av pandemien – kort sagt overalt.
Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag
Oppgjer med moralisering og vestleg hybris

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Sudan
I eit omfattande intervju i Dag og Tid 15. november diskuterer Terje Tvedt og Kaj Skagen det Tvedt meiner er grunnleggande feil ved norske tenkjemåtar. Utgangspunktet for samtalen er artikkelsamlinga hans, Norske tenkemåter – tekster 2016–2024. Tvedt kritiserer alt frå norsk bistand til Sør-Sudan, Noregs deltaking i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, til pandemihandteringa og det grøne skiftet. Det er påfallande at Skagen, gjennom eit to sider langt intervju, ikkje stiller eitt einaste kritisk spørsmål.
Samlinga inneheld mykje kjent stoff, inkludert Tvedts drøfting av norsk bistand til Sør-Sudan, som Skagen løftar fram som eit hovudeksempel på Tvedts analyse av norske perspektiv. Denne framstillinga – eit sentralt kapittel i boka – har tidlegare blitt møtt med skarp kritikk frå Sør-Sudan-ekspertar som Bibiana Dahle Piene, Maren Sæbø, Ingrid Ofstad og Arve Ofstad. Likevel har Tvedt ikkje moderert eller revidert synspunkta sine. Kritikken mot Tvedt vert særleg problematisk fordi han sjølv verkar å mangle sjølvrefleksjon over eigen analyse, samstundes som han kritiserer norske aktørar for mangel på nettopp dette.
Det ligg ein tydeleg ironi i at Tvedt, medan han kritiserer norsk etnosentrisme, sjølv framstår etnosentrisk. Han hevdar at norsk bistand er prega av moralisme og «vestleg hybris», men illustrerer paradoksalt nok moralisme og hybris i eiga framstilling. Med sin bastante tone og si kategoriske avvising av kritikk speglar han den vestlege overlegenheita han sjølv meiner å utfordre.
Ifølgje Tvedt var den norske innsatsen i Sør-Sudan eit symbolprosjekt for «den humanitære stormakta Noreg», der ein trudde at norsk godvilje og oljepengar kunne løyse alle problem. Han peikar på det han meiner var ei overdriven tru på Noregs påverknadskraft og manglande refleksjon i ettertid rundt det han kallar «illusjonar».
Tvedt legg einsidig skulda på Noreg for at Sør-Sudan har blitt ein failed state. Dette vitnar om ei avgrensa forståing av kompleksiteten i det etniske og politiske landskapet, der det norske engasjementet primært var motivert av eit genuint ønske om å bidra positivt. Samtidig overser han dei positive resultata av norsk bistand, som innsats innan utdanning og helse, og arbeidet med å inkludere afrikanske akademiske stemmer i utdanningsprogramma. Ironisk nok er dette eksempel på den typen sjølvrefleksjon og vilje til læring som Tvedt meiner manglar i norsk bistandspolitikk.
Vidare overser Tvedt det primære ansvaret til lokale leiarar som Salva Kiir og Riek Machar for Sør-Sudans negative utvikling. Å redusere ein kompleks situasjon til eit spørsmål om norsk naivitet og «godheitstyranni» er ei grov forenkling. Sør-Sudan sine utfordringar har djupe historiske røter og er påverka av regionale dynamikkar, korrupsjon og maktmisbruk frå lokale aktørar. Når Tvedt konsekvent rettar kritikken mot norske NGO-ar og myndigheiter, ignorerer han også sørsudanske stemmer som framleis ønskjer norsk engasjement.
Sjølv om mykje har gått gale i Sør-Sudan, er det naudsynt med ein meir balansert diskusjon om norsk bistandspolitikk. Ei tilnærming som både kritiserer overdriven tru på eiga påverknadskraft og samtidig anerkjenner genuine forsøk på å bidra og lære av erfaringar, vil gi eit meir nyansert bilete av utfordringane og moglegheitene i norsk bistandsarbeid.

Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.