Om røldølingane var eit urfolk
Den 29. mai 2021 gjekk kollega Håvard og eg på skitur. Vi var lengst inne i Valldalen i Røldal. Målet var Kvessenuten, 1608 moh. Sjølv om sommaren stod for døra, var det framleis godt skiføre i nordsida ovanfor DNT-hytta Middalsbu.
På vegen forbi demninga i Hyttejuvet hadde vi sett eit stort flagg. Det var ikkje så lenge sidan 17. mai, så vi tenkte ikkje så mykje over det. Dammen var godt nedtappa etter vinteren, men vi såg heller opp mot snøhellinga enn ned mot det nedtappa vatnet. Ein gong hadde Valldalen vore eit hyrdelandskap. No var dalen eit av dei øvste magasina i Røldal-Suldal anlegga. Vatnet frå Valldalen hadde gitt kraft til tungindustrien på Karmøy.
Vi måtte bere skia dei par første kilometrane etter at vi parkerte bilen. Men i ei renne langt nede i Laberget møtte vi snøen. Turen opp var fin, og turen ned igjen endå finare. Og no kunne vi ikkje unngå å sjå det. Steingardane strekte seg kilometervis over det som til vanleg låg under vatn. Ein gong hadde det vore bjølleklang, budeier, geiter og kyr her inne. No var det berre stein på stein tilbake. Men denne eine dagen aula det med folk på dei gamle hustuftene. Vi hadde vore på toppen. No gjekk vi ned på botnen for å snakke med folka.
Røldølingane var ikkje vanskeleg å få i tale. Det var dei som hadde hengt opp flagget på demninga i Hyttejuvet, for dei var i grunnen rasande. No hadde det gått nesten 60 år sidan dalen deira blei neddemd. Noko slikt som 18 stølar kom under vatn. Her inne i Valldalen hadde det vore busetting lenger enn nokon kunne hugse. Helleristningar talte sitt eige språk. Stølane hadde gitt mjølk til det nye ysteriet langsmed vegen i Austmannalia. Heile denne kulturen var berre borte. Ein skulle leite godt for å finne geiter i Valldalen og Røldal i dag.
Kva om røldølingane hadde vore eit urfolk? Kva rettar ville dei hatt til å berge den gamle kulturen sin? Og om vinteren var det no så farleg å fare over vatnet at dalen for det meste var avstengd. Her kunne ein berre gløyme å utnytte grunnrettane på moderne vis.
Det var lett å forstå at røldølingane var rasande. Stølane sine hadde dei elles framleis, det var berre det at dei låg under vatn. Sentralmakta hadde tatt rettane deira. Det var ikkje som i gammaltida, då sentralmakta hadde vanskar med å nå inn til fjellbygda. Leivningane etter katolske skikkar og tru heldt seg levande til langt innpå 1800-talet i Røldal. No var det annleis. Verdiane som låg her oppunder Haukeli hadde gitt kraft, utvikling og velstand til storsamfunnet. Fortente då ikkje dei som budde her at noko meir skulle falle tilbake på dei?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.