Oppdrett i 70 år

Publisert

Siri Helle skriv alltid kloke ord om mat og politikk, og matpolitikk, i Dag og Tid. Det gjorde ho òg sist veke, under overskrifta «Ikkje mitt vestlandsopprør». Men denne gongen er ho litt smålåten når ho skriv om kor lenge vi har hatt oppdrettsnæring her i landet.

Ho konkluderer med 1970 og brørne Grøntvedt på Hitra. Men då hadde Endre Rundhovde på Osterøy alt drive på i 17 år. Han starta oppdrett, rett nok først med aure, ved familiegarveriet på Vale­strandsfossen. Seinare flytta han til Radøy, som i dag er i Alver kommune.

Som ung gut tidleg på 1960-talet var eg med far min på anlegget der ute. Eg var særleg imponert over at vi kunne hanka opp ein laks og ta han med heim til middag. Det må ha vore ein sundag.

Men Rundhovdes problem var at han aldri fekk konsesjon til å drive oppdrett. Det plaga han i alle år, heilt til han døydde i 2017, 92 år gamal. Konsesjonar var heilt avgjerande for at denne næringa skulle bli den milliardindustrien som Siri Halle skriv om i kommentaren sin. Sjølv eit brev stila til statsminister Gro Harlem Brundtland, i hennar regjeringstid, nytta ikkje. Rundhovde vart ikkje teken på alvor mellom makthavarane i Oslo og i Bergen. Til det vart han nok for mykje ein sjølvrådande vestlending.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement