Ortega stengjer kyrkjer, rosar Kina
President Daniel Ortega og kona, visepresident Murillo, går Somoza-dynastiet dei styrta i 1979, ein høg gang.
Foto: Leonardo Fernandez Viloria / Reuters / NTB
Det skruppellause diktatorparet Daniel Ortega og Rosario Murillo i Nicaragua brukar jarnneven mot eit samla sivilsamfunn. I august slo dei til igjen: Over 1650 organisasjonar blei forbodne, mange var kyrkjer og skular og sjukehus eigde av kyrkjer.
Med eit pennestrøk var den legale statusen deira fjerna. All eigedom vil bli konfiskert av staten: bygningar, tomter og møblar, alt vil Ortega-staten rana til seg.
Ein tredjedel av dei stengde organisasjonane og institusjonane var kyrkjebygg eller skular, sjukehus og andre institusjonar knytte til den romersk-katolske kyrkja eller protestantiske kyrkjer. Svært mange menneske har ikkje berre mista stader å møtast til gudstenester: Menn, kvinner og barn har mista institusjonar som er avgjerande for dei i dagleglivet.
Dette har store følgjer for trusfridommen i landet. Ortega slår brutalt til mot hundrevis av kyrkjer og kyrkjelege institusjonar, ofte berre på grunn av trua til dei som driv dei.
Sidan 2018 har Ortega-diktaturet fjerna den legale statusen til 5552 organisasjonar. Blant dei kyrkjene som no har fått kroken på døra, finst det somme med fleire hundre års historie. Og First Baptist Church of Managua, som vart grunnlagd i 1917, har drive både skular, teologiske seminar, eit sjukehus og ein radiostasjon. Slikt toler ikkje Ortega-regimet.
President Daniel Ortega styrer Nicaragua saman med kona, visepresident Murillo. Familieføretaket viser ingen nåde mot dei som ikkje innordnar seg. Sidan razziaen mot bispesetet i august 2022 har regimet køyrt ein beinhard kampanje mot den romersk-katolske kyrkja. Den modige biskopen Rolando José Álvarez blei utvist og deportert 14. januar i år, knapt eitt år etter at han blei dømd til 26 år og 4 månaders fengsel etter ugrunna skuldingar om ei samansverjing – han hadde stilt opp for menneske som var råka av regimets brutalitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.