Oslo er ein by for alle

Ramadangata i Piccadilly Circus i London.
Ramadangata i Piccadilly Circus i London.
Publisert

«Lat oss få ein open diskusjon om offentleg sponsa ramadangate i Oslo før lysa vert tende», skriv professor ved Høgskolen i Innlandet Eivor Andersen Oftestad i ein kommentarartikkel i Dag og Tid 26. januar.

Dermed er vi i alle fall samde om det viktigaste – at det er fint med ein open diskusjon.

Men det er alltid ein fordel at slike diskusjonar byggjer på korrekte og ikkje minst relevante premissar.

Oslo er ein mangfaldig by. Her finn du 200 ulike nasjonalitetar. Den klart største religiøse minoriteten vår er muslimane. I tillegg har vi jødar, katolikkar, sikhar, hinduar, ateistar, humanetikarar og buddhistar – for å nemne nokre av trusretningane som lever side om side med kvarandre og med den kristne majoriteten her i hovudstaden.

At vi har innbyggjarar frå ulike trusretningar i byen vår, er noko vi er vande med i Oslo, og vi handterer det stort sett med ein venleg omgangstone kvar einaste dag – på skular, arbeidsplassar og elles i bybiletet. Av og til oppstår det konfliktar og gnissing, men dei klarar vi å løyse i fellesskap.

For meg som byrådsleiar er det viktig å bidra til at alle desse minoritetane føler seg trygge, ivaretatt og heime her i Oslo. Det er bakgrunnen for at eg ønskjer lyssetjing av ei gate i samband med den viktigaste muslimske høgtida velkomen, på same måte som vi har mange julegater i desember kvart år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement