JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Privatisering er eit klondyke for velferdskonsern

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2342
20231020
2342
20231020

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Replikk

Slik ein måtte forvente, rykte NHO og Civita ut etter intervjuet mitt med Linn Herning, som er leiar i For Velferdsstaten («Ut og mate bendelorm», 15. september). I Civita fell jobben på professor Jan Erik Grinheim, han har ei deltidsstilling der.

Det store ankepunktet hans er at det i intervjuet blir slumsa med omgrepa privatisering og konkurranseutsetjing. Dette er rein skolastikk. Dei to omgrepa tyder ikkje nøyaktig det same, men dei blir brukte om kvarandre i daglegspråket. Når offentlege velferdstenester blir konkurranseutsette, blir dei, i ei vanleg meining av ordet, privatiserte. Men sjølvsagt ønsker Høgre, NHO og Civita/Grindheim at fellesskapet fortsatt skal betale gildet. Det er jo heile forretnings­ideen. Velferdskonserna skal hente profitt ut av fellesskapens midlar.

Grindheim freistar å gje inntrykk av at det er forskinga hans som får han til å reagere. Grindheim går sjølvsagt ikkje inn slik han gjer, med reinspikka polemikk, fordi Herning eller eg sa noko som strir mot vitskapen. Han gjer det fordi han er, slik eg ser det, lobbyist på vegner av velferdskonserna, som vil ha tilgang til ei statleg honningkrukke, sidan dette gjer høgare og meir føreseieleg profitt enn så mykje anna. Privatisering av offentlege tenester og konkurranseutsetjing av velferd har vore eit klondyke for velferdskonsern, ofte med adresse i skatteparadis.

Grindheim får høg professorløn frå det offentlege, frå fellesskapen, frå oss. At han likevel driv polemikk og lobbyverksemd på vegner av velferdsprofitørar, er ikkje berre flautt. Slik undergrev i tillegg akademiske institusjonar sin tillit og autoritet.

Vi ser at dette skjer på felt der det er store pengar involvert. Lakselobbyen, energilobbyen og velferdslobbyen kjøper seg akademikarar for å fremje sin agenda. Etter mitt syn burde universitet og høgskular slå ned på denne misbruken av titlar frå trojanske hestar i akademia. Alle skjønar at ein ikkje både kan vere objektiv vitskapsmann og leige seg ut til sterke økonomiske særinteresser på denne måten. Grindheim og folk i hans sko må velje: Dei bør vere enten akademikarar eller lobbyistar, og ikkje veksle mellom rollene. Folk med integritet skjøner dette enkle poenget heilt av seg sjølv.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis