Putins klamme tak

Publisert

Georgia veit kva Vladimir Putins brutale hærmakt er. Russland sende hæren inn i 2008, ein krig få i vest brydde seg om då Putin starta krigersk imperiebygging. Han støtta to utbrytarrepublikkar som berre dei næraste venene hans har anerkjent.

Likevel er det mange i Georgia som vil binde seg til Russland. Eldre kjenner på nostalgien frå sovjettida. Andre verdset Russland som handelspartnar. Regjeringspartiet Georgias Draum er leia av ein oligark som lærte både pengar og makt i Moskva.

26. oktober er det val. I hovud­staden Tbilisi fekk eg nyleg kjenna på konfrontasjonen. Opposisjonen vil ta Georgia mot vest og Europa.

Mariam Gavtadze i demokrati- og menneskerettsinstituttet TDI seier rett ut valet er det mest avgjerande sidan Georgia blei sjølvstendig i 1991 då Sovjetunionen braut saman: «Georgia har aldri før hatt ei regjering som vil gje landet i hendene på Russland.»

Pastor Zaal Theskelashvili leier ei lita, evangelikal kyrkje med 100 medlemmer i Tbilisi. Han deltok sjølv då det før sommaren var store demonstrasjonar mot ei ny lov regjeringa pressa gjennom. Regimet svarte demonstrantane med hardhendt makt.

Lova krev at alle organisasjonar som får meir enn femteparten av inntektene frå kjelder utanfor Georgia, må registrera seg som «utanlandske agentar». Dette er ein kopi av ei lov Putin innførte i 2012, for å ta nakketak på og stigmatisera sivilsamfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement