Saman for betre distriktspolitikk
Sigbjørn Gjelsvik.
Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Eg er glad for at Siri Helle er einig med meg og regjeringa om det viktigaste: at vi styrkjer distrikta for åra som kjem.
Gjennom eit ordskifte med meg i Dag og Tid har Helle problematisert målet i distriktsmeldinga om folkeauke i distriktskommunar. Ho viser til at bygda ho sjølv bur i, har hatt ein gledeleg auke i barnefødslar, og at det ikkje må verte eit nederlag om talet på barnefødslar eventuelt går noko ned igjen. Slik kan heller ikkje distriktsmeldinga lesast. Poenget med målet er ikkje at folketalet skal auke heile tida i alle bygdesamfunn. Målet et at folketalet skal auke i distriktskommunar. For å fortsetje med språket frå fotballen: Ein treng ikkje vinne alle kampar for å bli meister, men det vert krevjande over tid å vinne kampar om ein ikkje er nok folk til å stille lag.
Eg er glad Helle er einig med regjeringa i behovet for meir desentralisert utdanning. Blant dei andre tiltaka vi ønskjer, er auka satsing på breiband, meir makt til kommunane i korleis dei bruker areala sine, meir tillit til tilsette og utprøving av nye løysingar. Kampen for å lykkast står neppe mellom regjeringa og Helle, det er heilt andre krefter som ønskjer meir sentralisering av det norske samfunnet. Vi må jobbe saman for at desse ikkje skal lukkast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.