Sjølvforsyning i teori og praksis
Sauer og 17. mai-tog på Utsira.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Matproduksjon
Siri Helle kommenterte 29. september rapporten «Produksjonspotensial i jordbruket og nasjonal sjølforsyning med mat», som eg har vore med og skrive på oppdrag for Klimautvalet 2050. Det er kjekt å sjå at nokon har lese fleire av kapitla og vurdert nytta i dei scenarioa som vi utvikla for utvalet. Grovt sagt gjeld dei kor sjølvforsynte vi kan bli i Noreg dersom vesentleg meir av det vi et, kjem direkte frå planteriket.
Helle synest ikkje scenarioa er nyttige. Ei innvending er at dei blir for teoretiske og ikkje leier til løysingar som kan gjennomførast i praksis. Eg får også inntrykk av at ho meiner dei berre illustrerer samanhengar vi kjenner godt frå før. Begge delar kan vere rett, særleg for dei som kjenner norsk jordbruk og matproduksjon godt, Helle inkludert.
Like fullt bestilte Klimautvalet ei utgreiing som NIBIO og Ruralis tok på seg å gjere. Vi aksepterte jobben med dei premissane som vart lagde, men i rapporten lista vi opp mykje anna som måtte med i vurderinga dersom ein skulle drøfte om tankeeksperimenta var moglege å realisere. Eg nemner her om folk faktisk ville ete dei norskdyrka planteprodukta, om næringsverdien var god nok, om rasjonell drift var mogleg på alle små og store jordstykke i maksimalanslaget for brukande areal, og om vi kunne bruke plantevernmiddel og gjødsle hardt nok til å få stabilt høge avlingar i einsidige vekstfølgjer med husdyrlaus drift.
Det er også viktig å merke seg at maksimalanslaget for kor mykje feitt, protein og energi vi kunne hente frå planteriket, la til grunn kronårsavlingar på alt arealet same året. Erfaringar og avlingsstatistikk viser at dette er teori og ikkje praksis, om nokon skulle vere i tvil om det.
Det blir derfor feil på mine vegner når Helle slår fast at «Forskarar meiner vi kan verte sjølvberga i Noreg – om vi kuttar kjøt, egg og meieriprodukt». Vi har ikkje konkludert slik i rapporten, og klimautvalet bestilte ikkje ei brei drøfting av korleis vi kunne bruke den dryge halvparten av dyrkajorda som berre kan brukast til grovfôrproduksjon og utnyttast av drøvtyggarar.
Det var likevel ikkje slik at utvalet definerte ku, sau og geit ut av matproduksjonen i lågutsleppssamfunnet sidan dei bad oss vurdere korleis ein kunne utnytte beiteressursane utanfor dyrka mark best mogleg.
Det var eg som svarte opp dette spørsmålet basert på mykje godt arbeid av kollegaer i NIBIO og eigne vurderingar. Nokre vil sikkert seie for nøkterne vurderingar.
Ressursane i utmark er store og gode, men dei blir tilbydde dyra i ein kort vekstsesong, og det skal mange mular til for å ta dei ut. Det betyr i praksis at vi må ha fleire dyr på beite der dei ledige ressursane ligg. Dette kan vi oppnå ved å auke dyretalet totalt eller varig flytte eksisterande driftseiningar med dyr til regionar der potensialet ikkje blir tatt ut. Dette trur eg vi kan kalle teoretiske løysingar som ikkje vil fungere i den verkelege verda, for å bruke ei av Helle sine formuleringar.
Det vil sjølvsagt også hjelpe noko å endre driftsform og fôringsregime på dei storfebruka som er nær ressursane frå før, men ikkje så mykje. Nordland, Troms og Finnmark har til dømes i underkant av 9 prosent av alt storfe og rundt 40 prosent av den ledige utmarksbeiteressursen.
Lammekjøttproduksjonen både i desse fylka og elles i landet er vel allereie beitebasert så langt lengda på vekstsesongen legg til rette for det, så her vil det berre vere totalt fleire dyr som vil kunne auke ressursuttaket.
Dersom auka sjølvforsyning er eit mål, trur eg ikkje meir bruk av utmarksressursar er nøkkelen, og eg seier heller ikkje at Helle meiner det. Både i teori og praksis vil det vere meir å hente på å tilpasse driftsform og fôring av drøvtyggarar til det grovfôrareala kan gi av beite og konservert fôr.
Scenario vi teikna opp i rapporten, viste elles det som har vore grunnlaget for norsk landbrukspolitikk lenge – at korleis vi utnyttar dei 2–3–4 millionane dekar med jordbruksareal som eignar seg til korndyrking, er den viktigaste premissen for kor sjølvforsynte vi kan bli.
Anne Kjersti Bakken er
forskar i NIBIO.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.