Skal Noreg ha folkerøystingar om EU inntil fleirtalet røyster ja?

Hovudkvarteret til Europakommisjonen i Brussel.
Hovudkvarteret til Europakommisjonen i Brussel.
Publisert Sist oppdatert

Av ein eller fleire grunnar poppar spørsmålet om ei ny folkerøysting om norsk medlemskap i EU stadig oftare opp no for tida. Sist var det Dag og Tid-redaktør Svein Gjerdåker som lufta tanken. Eit argument som han nytta, var den ofte brukte utsegna om at «(k)var generasjon bør få høve til å ta stilling til spørsmålet» om medlemskap. Det er moglegvis eit godt argument. Eller moglegvis ikkje.

Om ein tenkjer seg at Noreg skal ha folkerøystingar nokre gongar kvart hundreår inntil fleirtalet røyster ja, og så aldri meir, så er det ikkje eit godt «generasjonsdemokratisk» argument. Om føresetnaden er at vi i Noreg skal ha omrøystingar, etter avtale med Brussel, om medlemskap kvart trettiande år inn i æva, så står argumentet seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement