Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.
Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.
Publisert Sist oppdatert

Når eg høyrer på samfunnsdebatten om trongare kommuneøkonomi og kutt i tenester, blir eg redd for at likestilling for funksjonshemma går baklengs inn i framtida.

I dag måpar vi nærmast av funksjonshemma som står i ordinært arbeid. Korleis trur vi det blir dersom vi ikkje eingong kan bu i ei vanleg blokk?

Som vi har kunna høyre på både Debatten, Dagsrevyen og Politisk kvarter dei siste vekene, står det dårleg til med kommuneøkonomien. Det blir krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester. Det kjem fram av ein rapport frå KS. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er skremmande ofte blitt trekt fram den siste tida som ei tung byrde i kommunebudsjetta.

Vidare vil statsråd Vestre (Ap) no trekke tilbake eit lovforslag som skulle forby det å plassere unge på sjukeheim mot deira eigen vilje, mellom anna omtalt i Handikapnytt. Kor er likestillinga for funksjonshemma nordmenn på veg hen?

Independent Living-rørsla oppstod i USA på 1960-talet. Målet til rørsla var å gi fridom og sjølvstende til funksjonshemma. Det var ikkje graden av funksjonsnivå som skulle avgjere graden av sjølvstende. Alle, uavhengig av funksjonsnivå, kan vere sjølvstendig med ein kombinasjon av universelle løysingar og individuell tilrettelegging.

Eit resultat av denne revolusjonen, er BPA, som gjer at personar med assistansebehov får autonomi og kan vere sjølvstendige – viss dei er så heldige å få innvilga BPA av kommunen sin. NRK har fortalt om Markus (22), som er ein av fleire som ikkje får.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement