Skartveit, Finland, Mannerheim, Paaske, Hegna (og eg)
Eg las med interesse Andreas Skartveits artikkel «Vegen til dagens Finland» (Dag og Tid 2. juli). Artikkelen og kommentarane til han viser at det er ein krunglete historieveg til Finland for oss nordmenn. Vi kan rett og slett for lite om Finlands fortid. Det er det grannelandet vi kan minst om. Kanskje det er fordi vi har ikkje har vore i union med Finland, slik vi har med Danmark, Sverige, Island, Færøyane, ja, til og med Grønland.
Det er synd at vi kan så lite finsk historie her i landet, og derfor blir det ofte også feil når vi skriv om finsk historie, slik Henrik Paaske og Hallvard Hegna viser i Andreas Skartveits tilfelle. Personleg har eg prøvd å rette på dette: Eg var på kurs i finsk historie ved Universitetet i Helsingfors sumaren 1968. Det gav meg kunnskapar og ny informasjon om dette grannelandet, og seinare har eg «lese meg opp på Finland».
Eit av dei blodigaste kapitla i nordisk historie er den finske «innbyrdeskrigen», som byrja like etter at Finland erklærte seg sjølvstendig 6. desember 1917. Det blei ein svært blodig krig med 3000–4000 falne, 80.000 krigsfangar og 12.000 som omkom i fangeleirar. Her er også døme på noko som liknar etnisk reinsing. I ein artikkel i Dagbladet 24. juni 2017 samanliknar eg det som skjedde i Finland, med dei blodige krigane på Balkan. Borgarkrigen i Finland, der både russiske og tyske styrkar var involverte, varte til Mannerheim og hans troppar marsjerte inn i Helsingfors 16. mai 1918. Både norske, svenske, danske og frivillige frå mange land deltok i kampane i Finland. Fleire forfattarar har skrive om denne blodige krigen, slik som Kjartan Fløgstad, Morten Jentoft, Kim Leine, Kjell Westö og Väinö Linna. Men dette er ukjent stoff for dei fleste skuleelvane her i landet. Vinterkrigen har dei truleg høyrt om.
Hallvard Hegna skriv om forhandlingane mellom Finland og Sovjet før krigen i 1939. Stalin kravde at grensa mellom Finland og Sovjet skulle dragast lenger vestover på finsk side, slik at ho kom lenger unna Leningrad. Sovjet argumenterte med at finnane med store kraftige kanonar kunne skyte inn i Leningrad. Med dagens våpenteknologi med blant anna dronar er dette ei uaktuell problemstilling. Hegna siterer også Mannerheim, som skriv at Sovjet ville gje Finland 5329 kvadratkilometer i Karelen dersom Finland gav frå seg 2761 kvadratkilometer på Det karelske neset nær Leningrad. Finland avviste tilbodet. Og det blei krig. Finland stola ikkje på Stalin. Dei trudde dette var ein taktikk for å ta Finland bit for bit. Oppgjeret etter andre verdskrigen viser at dei landområda Finland tapte, var langt større enn dei Sovjet la inn i forhandlingane i 1939. Eg minnest frå «historietimane» i 1968 at ein del finske politikarar og historikarar meinte at kanskje Stalin og Sovjet meinte alvor, dei ville berre sikre Leningrad mot kraftige finske (og andre) kanonar. Kva som er rett, får vi aldri vite. Etterpåklokskap er som kjent ingen eksakt vitskap.
Eg minnest også frå studiet i Finland i 1968 at vi var i Universitetsbiblioteket i Helsingfors og der såg vi kart der den finske «Lapporörelsen» hadde teikna inn store norske landområde som finske. (Hadde det skjedd, hadde vi kanskje unngått dagens debatt om å slå saman Finnmark og Troms.) Lapporörelsen var ein fasistisk politisk organisasjon som hadde store ambisjonar, men som ikkje kom til makt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.