Ordskifte
Skulepolitikk – ein del av samfunnskontrakten
Ukritisk digitalisering i skulen har brote ned fagleg profesjonskultur i kvart einskilt skulefag.
Digitalisering i skulen. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Fellesskulen er hjartet i det fleirkulturelle
samfunnet og er ein del av ein sosialdemokratisk, integreringspolitisk
samfunnskontrakt, der sosial utjamning, sosial mobilitet, kunnskap og danning
skulle vere målsetjingar.
Når sentrale delar av samfunnet, som
skulesystemet, lenge ikkje har fungert slik det burde, bør
politikarane anten slutte å gjere noko dei gjer, eller byrje å gjere noko dei
ikkje har gjort før. Politikarane bør slutte å stole blindt på dei som dei
siste tiåra har hatt makta i norsk skulesektor: byråkratar, skuleforskarar og
IKT-bransjen.
Politikarane bør byrje å gjere noko det er mange
tiår sidan dei har gjort: stole på lærarane. Dei faglege profesjonskulturane
i dei einskilde skulefaga må bli tatt vare på, og dei må byggjast opp att. Læreplanar
som legg vekt på kompetanse, bør bli erstatta av læreplanar som legg vekt på
kunnskap.
Ukritisk digitalisering i skulen har brote ned fagleg
profesjonskultur i kvart einskilt skulefag – i kunst- og handverksfag som i realfag og språkfag og humanistiske fag. Tverrfagleg prosjektarbeid med
skjerm blir ofte ei «googlifisering» av undervisninga med avgrensa læring for
elevane. Elevane får kompetanse i å multitaske med fingrane til hjelp, men
mindre av læringa blir att i hovudet til elevane.
Standardar for profesjonsfagleg kvalitet, språkleg
og fagleg tilpassing i skulen, har inntil nyleg blitt haldne oppe av
kvalitetssikra lærebøker. Tydelege språklege og pedagogiske støttestrukturar
tilpassa undervisning i fellesskap i klasserom, som til dømes kvalitetssikra
lærebøker, har blitt fjerna til fordel for ein pedagogikk der den einskilde
eleven skulle gjere mest mogleg skulearbeid med skjermen til hjelp.
Eit stadig
aukande innslag av digital profesjonskultur er ikkje i stand til å halde oppe
tilsvarande faglege standardar i skulen som lærebøkene inntil nyleg garanterte
for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.