Skulepolitikken fungerer ikkje
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Skulen
I løpet av 10 års skulegang er det ikkje vanskeleg å lære dei aller fleste norske barn og unge å kunne både lese og skrive ein samanhengande lengre tekst på norsk, eller for den del å kunne løyse nokså kompliserte matematikkoppgåver.
Rett nok er det slik at ein veldig liten del av elevane har spesifikke lese-, skrive- eller matematikkvanskar, og dei må naturlegvis få tilpassa opplæring slik at dei iallfall kan bli funksjonelle lesarar og skrivarar. Den store majoriteten av elevane treng derimot verken diagnosar eller tilrettelegging for å kunne bli kunnige i lesing, skriving og rekning. Dei treng heller ikkje smarttelefonar, nettbrett eller PC-ar.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun synest å ha forstått iallfall noko av dette når ho vil fjerne smarttelefonar og nettbrett frå skulen, og erstatte dei med fysiske bøker. Sjølv vi som er godt vaksne, opplever telefonane og bretta som stortjuvar som stel både merksemd og tid både i arbeid og i fritid. Alle som kan tenke sjølv, forstår at det er endå vanskelegare for barn og ungdommar å vende merksemda mot faktisk læring all den tid dei har tilgang på sosiale medium på telefonar og nettbrett i skulen.
Derimot tek kunnskapsministeren grundig feil når ho synest å tru at ho kan forbetre norske elevars stadig dårlegare resultat i lesing, skriving og rekning ved å gjere opplæringa i fag som norsk og matematikk «meir praktisk, relevant og utforskande». Det som må til for å bli god i noko, er tvert imot spesifikk øving og mengdetrening. Dette veit alle trenarar og utøvarar innanfor idretten.
Alle som trenar barn og unge i til dømes alpint, veit at spesifikk øving og mengdetrening, med påfølgjande presise og spesifikke tilbake- og framovermeldingar, må til for at utøvarane skal utvikle seg. Dei unge er sjølvsagt heilt og fullt med på dette, fordi dei opplever at det gjer dei til stadig betre utøvarar. Slik var det også lenge i norsk skule, og då lærte dei aller fleste barn og unge seg både å lese og skrive ein lengre samanhengande tekst og å løyse nokså kompliserte matematikkoppgåver, innan dei var ferdige på ungdomsskulen.
I løpet av dei to–tre siste tiåra har det derimot snike seg inn ei førestilling mellom både pedagogar og politikarar om at ein så å seie kan leike seg til kunnskap og kompetanse, berre ein gjer «læringa» interessant og relevant nok for elevane, mellom anna ved å gi dei nettbrett og praksisnær opplæring. Dei nedslåande resultata av denne skulepolitikken ser ein både av Pisa-undersøkingar og mange andre internasjonale studiar. Det fungerer rett og slett ikkje. Tvert imot, elevane presterer berre svakare og svakare.
Skuledagar på fem–seks timar, der elevane går frå teorifag til teorifag, med eit enormt tidstap i kvar einaste time fordi elevane (forståeleg nok) ikkje kjem til ro når dei har så mange timar og så lett tilgang til smarttelefonar og nettbrett, gir heller ikkje læring.
Det som skal og må til, er at kunnige norsk- og matematikklærar gir elevane spesifikk lese-, skrive- og reknetrening kvar einaste morgon/føremiddag, der dei øver konsentrert med fysiske bøker tilgjengeleg, i rom som er frie for både smarttelefonar og nettbrett og andre tidstjuvar. To slike timar kvar morgon vil sikkert vere nok i småskulen, medan ein kanskje treng fire slike timar i ungdomsskulen. Resten av skuledagane bør elevane få rikeleg tid til både frileik, fysisk fostring og praktisk-estetiske fag.
Men altså: Viss ein ikkje kan å lese, skrive og rekne skikkeleg når ein går ut av ungdomsskulen, så er ein i trøbbel. Derfor må elevane få spesifikk øving og mengdetrening, slik at dei kan oppnå desse ferdigheitene som er så avgjerande for å lukkast og trivast i samfunnet.
Stig J. Helset, professor i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.