Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Solkraft
Sidan det er mange som satsar på eigen solkraftproduksjon, er det vanskeleg å få fram fakta. Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass. I Adresseavisen 2. oktober er det ein artikkel om planane for eit stort solkraftanlegg på Tjuin i Steinkjer. Her er det berekna at det kan bli produsert 1,6 GWt i året. Med denne produksjonen skal Noreg og verda bli spara for utslepp av 718 tonn CO2 kvart år.
Det underlege her er kvifor ikkje journalisten spør om korleis Salmar, NTE og Sunday Power kjem fram til dette talet. Kva energi er det denne solstraumen skal erstatte?
Ser vi på talet 718 tonn per år, betyr det at solstraumen liksom erstattar straum med ein klimafaktor på 450 g CO2/kWt. Dette er om lag som utsleppsfaktoren i Tsjekkia og er ca. 26 gonger høgare enn klimafaktoren på den straumen som er i det norske nettet. Den norske miksen av straum i nettet har ein utsleppsfaktor på 17 g CO2/kWt. Slik narrar solkraftbransjen både Salmar og folk til å tru at dei gjer gode klimatiltak.
For å kome fram til eit slikt tal må ein legge følgande til grunn:
Solcellene har kome ned frå himmelen og blitt til utan produksjon, verken i Noreg eller Kina. (Over 90 prosent av alle solpanel er produsert i Kina). Det kan heller ikkje ha blitt bruka nokon fossil energi til verken transport eller montasje. Altså, dei er ferdig montert utan at nokon fossil energi er blitt bruka.
Slik er det ikkje. Ser ein i rapporten frå FNs klimapanel IPCC, har solstraum ein klimafaktor eller eit utslepp av CO2 på 42 g CO2/kWt. Slik blir det når det innebygde klimaavtrykket blir delt på den energien som er produsert i løpet av levetida. Her kan det reelle talet vere ein god del høgare når ein korrigerer for at Steinkjer er lenger nord og har færre soltimar enn lenger sør.
Realiteten er at når Salmar og NTE går inn for dette anlegget, så vil ingen ting av det innebygde utsleppet bli betalt tilbake. Dette er når vi samanliknar med at Salmar hadde bruka den straumen som er i det norske nettet. Sjølv om den norske straumen ein gong i framtida skulle bli mindre rein, vil aldri eit reknestykke basert på fakta vise at dette er eit prosjekt som er positivt for klimaet på jorda.
Så kan det godt vere at når ein tar omsyn til fritak for nettleige og avgifter, og kanskje støtte frå Enova i tillegg, så er det lønsamt for Salmar. Men det var ikkje det artikkelen fortalde. Her var det falsk reklame om klimatiltak. Kanskje Dag og Tid kan utfordre solkraftbransjen til å vise sine tal for klimaeffekt i Noreg?
Magne Vågsland er leiar i Naturvernforbundet i Trøndelag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)