Store norske i Dagsnytt 18
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 27. mai kritiserte eg Store norske leksikon for å definere kva som er forståeleg nynorsk når leksikonet vil at folk skal skrive eksempel, ikkje døme. Erik Bolstad gir i avisa 3. juni eit klassisk Dagsnytt 18-svar.
Først må han berre få sagt kor fortreffeleg det er at Allkunne er avvikla, og at Store norske har fått monopol som redaksjonelt styrt oppslagsverk på norsk. Etterpå er det så vidt han svarar på spørsmålet før innlegget er omme.
Bolstad blandar ordval innanfor det mest brukte språket med vurderingar av kva som skal til for at bokmålsbrukarar skal forstå det mindre brukte språket. I det minste stadfestar han at Store norske leksikon veit at døme er vanskelegare å forstå enn eksempel. Nokon dokumentasjon av at dette stemmer, har han ikkje.
Slik kan eit sterkt, bokmålsdominert skrivemiljø gjere krav på å vite best korleis nynorsk bør skrivast. Ein synsar i veg. Det skjer med økonomisk velsigning frå Nynorsk kultursentrum, som årleg skal betale hundretusenvis av kroner for at Store norske leksikon bruker meir nynorsk. Det var slik dette leksikonet for mange år sidan aksepterte at artiklar i verket kunne skrivast på nynorsk. Det kravet stilte vi i Norsk kulturråd for at leksikonet skulle få midlar då kassa var som tommast.
Dag og Tid er knapt rette staden for sjølvmeldingar om kor bra det er at snart ti prosent av artiklane i Store norske leksikon er på nynorsk, og at nokre artiklar blir lesne av mange fleire enn om dei stod i Allkunne. Ut frå same logikken burde Dag og Tid avviklast med ein gong og overtakast av Schibsted. For å ta eit eksempel: Også i Bergens Tidende er ti prosent av stoffet på nynorsk og lesartala himmelhøgt over det Dag og Tid kan vise til.