Store norske leksikon, til dømes
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
På landsmøtet i Noregs Mållag fortalde Jørgen Bosoni noko som ikkje skal gløymast sånn med det første. Som medarbeidar i Store norske leksikon hadde han fått «ei sterk tilråding» om å skrive eksempel, ikkje døme. Gjorde han det, var det fleire som forstod det han skreiv, var grunngivinga.
Der nokon meiner at eitt ord ikkje bør brukast, er der alltid mentale ordlister med fleire slike ord. Etter det eg forstår, finst det inga husnorm som medarbeidarane skal følgje, men uformelle inngrep kan vere like effektive.
Redaksjonen og medarbeidarane i Store norske leksikon har inga undersøking å stø seg til i denne saka. Ei legendarisk undersøking i 1980-åra avdekte at mange ikkje forstod Dagsrevyen av di dei ikkje kunne definere enkeltord av typen inflasjon. At alt blir forstått i ein samanheng, hadde dei ikkje fått med seg, dei som gjennomførte og tolka undersøkinga.
Denne forståingsvegen er eit blindspor som endar med at nynorsk er eit vanskeleg språk. Anekdotisk argumentasjon og svogersosiologi held ikkje. Eg har til dømes høyrt lærarar på Sunnmøre seie dei raraste ting om kva som er arkaisk nynorsk, moderne nynorsk, samnorsk og Aasen veit kva. Som grunnlag for avgjerder er slike oppfatningar ubrukelege.
Der er ihuga nynorskbrukarar i Store norske leksikon. Likevel er det eit tydeleg bokmålsdominert miljø. I slike miljø er der mange rom for individuell eller kollektiv synsing om kva som er forståeleg nynorsk. Det er verken leksikonet eller nynorskbrukarane tente med.