Store norske skriv seg vekk

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg avsluttar meiningsstriden om nynorsk i Store norske leksikon med å minne om utgangspunktet. Ein medarbeidar var blitt sterkt tilrådd å skrive ’eksempel’, ikkje ’døme’, for då ville fleire forstå han. Sjefredaktør Erik Bolstad gjorde det i Dag og Tid 17. juni klart at dette er ei redaksjonell linje, og at det var han som gav rådet.

Kritikken min var at leksikonredaksjonen hadde gjort ordvalet til eit spørsmål om forståing, slik artikkelforfattaren oppfatta det. To gonger har Bolstad svara med eit kategorimistak og vist til at ’eksempel’ er meir brukt enn ’døme’ i publiserte nynorske tekstar. Kva som er vanleg, seier null og niks om kva som er vanskeleg. Derimot er ’eksempel’ eit godt døme på korleis bokmålspress gjer innarbeidde nynorske ord og seiemåtar mindre vanlege. I nynorsk er difor stilistisk variasjon særleg viktig.

Bolstad likte ikkje at eg kalla Store norske eit bokmålsdominert skrivemiljø. Han viste til at «fleire hundre» forfattarar er nynorskbrukarar. Nettopp. Etter årsmeldinga for 2021 hadde leksikonet då 4749 forfattarar og 986 fagansvarlege. Eg har sett nok av kva slike bokmålsdominerte miljø samla sett gjer med oppfatningar om kva som er gode nynorske skrivemåtar.

Allkunne blei aldri utvikla for å nå fleire lesarar enn Store norske. Vi ville gi lesarane eit anna tilbod av redigert røynd og skreiv alt i det første notatet om prosjektet: «Den nynorske skriftkulturen har sine eigne referanserammer. Personar og hendingar som er viktige for dei som føler seg knytte til denne kulturtradisjonen, fell ofte utanfor når perspektivet er såkalla norsk eller internasjonalt.»

Det er flott at Store norske har 17.000 artiklar på nynorsk. Det skulle også berre mangle, så mange offentlege millionar og samarbeidspartar denne medieverksemda har skaffa seg. Såpass kunne Store norske difor greie utan å få etablere eit monopol for redaksjonelt styrte leksikon på norsk med banaliserande språkråd om nynorsk.