JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

4386
20240607
4386
20240607

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Partipreferansar

Akademikarane har fått Respons Analyse til å kartleggja korleis akademikarar røystar. Berre 14 prosent av respondentane ville ha røysta på Arbeidarpartiet (Ap) ved neste val. Dag og Tid freista førre vekke å forstå meir om kvifor. Pernille Ekornrud Grøndal intervjua rådgjevar Tiril Rustad Halvorsen i Agenda. Svara til Halvorsen gjev lite von for Ap.

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve og gløymer «at vi er avhengige av eit fellesskap for at samfunnet skal fungere», slik Halvorsen hevdar. Tvert om kan det tenkjast at Ap gjer det dårleg fordi akademikarar ikkje likar eit meir radikalt Ap, men at SV framleis gjer det bra (16 prosent), tyder på at det er ulike faktorar som peikar i fleire retningar.

Det er vanskeleg å seia noko eintydig om kvifor akademikarar stemmer som dei gjer. Men å hevda at dei som stemmer annleis enn ein sjølv ville gjort, er egoistar, held ikkje. For Ap veit – vonar eg – at dei treng fleire røyster. Då er det ikkje lurt å seia at dei som kan hende røystar Ap på ein god dag, er egoistar om dei røystar Høgre.

I tenkjetankar treng vi ikkje røyster. Det gjer at vi kan tenkja høgt, slik Halvorsen gjer. Om tankane hennar gjer oss mykje klokare, er eg litt i tvil om. Halvorsen snakkar som om fellesskap er det same som ein stor offentleg sektor.

Meir moderate – både til venstre og høgre – ser at fellesskapa som skal til for at samfunnet skal fungera, er mykje meir enn offentleg sektor. Dessutan er offentleg sektor svært stor under høgrestyre i Noreg, særleg under Erna Solberg. Det siste er det gode samfunnsøkonomiske og maktmessige grunnar til å kritisera.

Ein for stor offentleg sektor kan komma i vegen for sivile fellesskap. KrF-ideolog Erik Lunde har skrive ein kritikk av det norske sosialdemokratiet og statsindividualismen i boka med den treffande tittelen Sammen er vi mer alene.

Velferdsstaten gjer oss meir uavhengige av medmenneska våre. Ein son kan studera kva han vil, på grunn av lånekassa. Om far er jurist og vil at sonen skal verta det same, har likevel far ikkje makt. Staten har gjeve sonen fridom. Staten hjelper om han vert arbeidslaus eller sjuk.

Men det ein ikkje kan gløyma i velferdsstaten, er at staten krev mykje attende. Alle skal med og finansiera det heile, fylgja arbeidslina og helst føda fleire born. Den teknokratiske tilnærminga til velferdsstaten har langt på veg Høgre tatt opp i seg. Det hadde vore interessant om Halvorsen hadde hatt tankar om Høgre kanskje gjer det godt fordi Solbergs Høgre har stole Ap sine klede?

Høgre skil seg likevel ut fordi dei mindre konsekvent tenkjer at offentleg finansiering betyr større rett til å styra. Høgre forsvarar valfridommen og individualismen i statsindividualismen. I Ap og SV vert det for mykje stat i statsindividualismen. Det fortrengjer andre sivile fellesskap, og det fortrengjer poenget med stor stat, som er likare moglegheiter for fleire, ikkje meir styring ovanfrå. Velferdsstaten er til for menneske, ikkje motsett, som Lunde seier.

Halvorsen seier venstresida samla sett gjer det betre. Det er sant, men eg saknar tankar om kvifor Ap gjer det så dårleg. Kan det tenkjast at Ap vert oppfatta som teknokratisk av meir verdiorienterte akademikarar, som røyster blodraudt og grønt? Gjer Høgre det bra mellom akademiske lillaveljarar når Ap misser makt på venstresida? Eller har styringspartia også eit akademikarproblem når Ap pluss Høgre berre utgjer 40 prosent? Akademikarar burde jo lika moderat styring. Slikt drøfter diverre ikkje Halvorsen.

Sosialpsykologen Jonathan Haidt har gjennom undersøkingar funne ut at konservativt orienterte menneske har lettare for å forstå at folk tenkjer annleis enn ein sjølv. Arbeidarklassa er ofte meir konservativ enn venstreliberale akademikarar.

Det er ikkje berre blant akademikarar Ap gjer det dårleg. I 1965 røysta om lag 70 prosent av LO-medlemmene Ap, i 1993 litt over 60 prosent. Ved valet i 2021 var det nede i 36 prosent.

Eg er redd trenden fortsett om ikkje sosialdemokratiske tenkjarar snart freistar å ta andre tankar om politikk og partipreferansar meir seriøst.

Lars Kolbeinstveit er filosof i Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Velferdsstaten gjer oss
meir uavhengige av med-
menneska våre.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis