Tendensiøst om Georg Johannesen og mykje anna
Kaj Skagen.
Foto: Bård Kjersem
Dag og Tid har gjeve Kaj Skagen fire heile sider til å ytre seg i fri dressur om Georg Johannesen og ei påstått dyrking av han som ein profet i visse miljø.
Skagen har mykje på hjarta. Han vil gjerne gjere opp med Georg Johannesen og dei påståtte læresveinane hans, men kva er det eigentleg han prøver på? Han prøver å skape dette inntrykket hjå lesaren: Her står eg andsynes eit grundig journalistisk arbeid, eit rettkome, velinformert og sakleg oppgjer med noko politisk suspekt og uoppgjort i vår nære litteratur- og kulturhistorie. Mitt inntrykk er tvert om at essayet til Skagen er gjennomgåande usakleg og fullt av tendensiøst utanomsnakk.
Det fyrste lesaren må ta greie på, er kva essayet til Skagen handlar om, men det er lettare sagt enn gjort, for det tar opp mange spørsmål og handlar om mykje på ei og same tid. La meg likevel prøve å formulere det samla resonnementet i essayet: Ettersom Georg Johannesen var ein slik sterk personlegdom, og fordi han såleis vart til ein profet i visse miljø, er han vorten overvurdert som lyrikar. Overskrifta «Profet utan bodskap» peiker i den leia, og ingressen profilerer denne bodskapen tydelegare: «Personlegdomen til Georg Johannesen var sterkare enn diktverka hans. Det førte til at forfattarskapen hans vart overvurdert», står det.
Korleis står fakta i høve til saka og det resonnementet som Skagen fører? Eg har festa meg ved nokre påstandar i det andre avsnittet, som at Georg Johannesen «var så sjølvsikker at han hadde forakt for all dialog og alle reglar for danna samtale. Han tenkte og skreiv i eit marxistisk klasseskjema, men delte menneska opp i ‘intelligente’ og ‘dumme’» (s. 12).
Georg Johannesen hadde slett ikkje forakt for all dialog. Tvert om prøvde han på alle moglege måtar å gjere dialog mogleg, men utifrå eit agonisk prinsipp me kjenner frå sofistane, Sokrates og Platon: Han ville få fram motsetningar så fort som mogleg, slik at saka kunne kome klårt fram, for det er alltid minst to sider av ei sak.
Det same gjeld påstanden om forakt for «alle reglar for danna samtale». Ein kunne med rette hevde at Georg Johannesen nokon gonger var for oppteken av reglar for danna samtale, og at det var grunnen til at folk kunne få så øyra flagra. Det var slett ikkje fordi han opererte med eit antropologisk skilje mellom «intelligente» og «dumme» menneske, vil eg hevde, men fordi han var alvorleg oppteken av å fremje kunnskap, læring og tenking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.