Idéhistorie
Tese om kyrkja – eller staten
Då Sunniva Gylver blei vigsla til biskop i Oslo bispedømme, var kongen og statsministeren til stades.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Rune Slagstad arbeider med «eit idépolitisk portrett av Noreg i fortid og notid». Kvar veke prøver han ut ein tese i Dag og Tid. 11. april var tesen at Den norske kyrkja har gått igjennom eit hamskifte frå «konservativ samfunnsstøtte til raudgrøn agent».
La meg vere så frimodig å kome med ein annan tese: Det er ikkje kyrkja som har gått igjennom eit hamskifte, men framfor alt staten – frå ein evangelisk-luthersk konfesjonsstat (Grunnlova paragraf 2 av 1814) til ein moderne stat som er liberal, sosialdemokratisk og pluralistisk inkluderande.
Men den moderne norske staten har også valt å støtte eit særskilt kyrkjesamfunn, Den norske kyrkja. Det skjer ikkje utan tilpassing til staten.
Slagstad meiner at den konservative politiske basisen for kyrkja blei sementert i 1883 ved oppropet «Til Christendommens Venner i vort Land», som mellom anna leiar for indremisjonen professor Gisle Johnson stod bak. Men dette dokumentet handla ikkje om kyrkja. Det handla om staten, samfunnet og framfor alt folket.
Opproparane åtvara mot innverknaden frå den radikale politiske rørsla i venstrepartiet og frå fritenkarane. Den moderne vantrua måtte ikkje få undergrave kristendomen si stilling i folket og fjerne det særeigne preget ho hadde gjeve lovene og ordningane våre.
Men kyrkjepolitisk blei oppropet eit slag i lufta. Det lågkyrkjelege lekfolket hadde ingen sans for Johnsons lutherdom. Det konfesjonelle embetssynet hans, til dømes. Men å redde Noreg for kristendomen var dei opptekne av, ikkje gjennom Den norske kyrkja, men ved vekking og skuledrift.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.