Treslag og bruksområde

Utløe av or bygd i 1890-åra.
Utløe av or bygd i 1890-åra.

Or kan bli meir enn ved.

Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid nr. 1 2024 er det ein artikkel med overskrifta «Or kan bli meir enn ved». Artikkelen fanga interessa mi, for dette er eit tema som har oppteke meg lenge.

Eg voks opp på ein vanleg gard i Eikesdalen i Romsdal på 1950-talet, og der såg eg korleis mest alle treslag hadde sitt bruksområde. Då eg vart tilsett som museumslektor på Romsdalsmuseet i 1975, merka eg meg at det eine treslaget etter det andre var brukt i hus, reiskapar og i munnleg tradisjon. Oppveksten min var gull verd i det formidlingsarbeidet eg var kommen opp i. Også me romsdalingar seier ‘ore’ om gråor, og eg brukar derfor den nemninga her.

I samband med at Romsdalsmuseet fekk tilbod om å flytte eit høyløe/utløe bygd av ore i 1904, sende eg ut ei spørjeliste om «Ore som nyttevekst» til dei flest bygdelag i Romsdal. Det kom inn 24 svar, dei fleste frå velvaksne karar som visste kva ulike treslag vart bruka til. Gjennomsnittsalderen var 75 år i 1980.

Eg skal ikkje her gå i detalj om kva den enkelte svara. Om det skulle interessere, så ligg heile materialet arkivert i Romsdalsarkivet på Romsdalsmuseet. Artikkelen som eg skreiv på grunnlag av denne innsamlinga, står i Romsdalsmuseets årbok 1980, og her er underoverskriftene mine: hesjestaur, ljås-orv, mjølkeringer og smørkoppar, bær- og sildetønner, børtre og tresko, møblar og panel o.l., utløer, båtar, ved, knott og kol og dreia koppar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement