Vi treng framleis olje og gass

Publisert

Astrid Sverresdotter Dypvik skreiv om naturkatastrofar og klimaendringar i Dag og Tid sist veke. Spalta hennar blir diverre prega av en einsidigskap som er vanleg i dette sakskomplekset.

Det er ikkje tvil om at menneskelege utslepp av ulike gassar, særleg CO2, har bidrege til oppvarming og andre klimaendringar. Ifølgje FNs klimapanel er den menneskeskapte oppvarminga hittil litt over éin grad.

Dypvik skriv om flaumen me har opplevd på Austlandet i august, om flaumen i Slovenia no og om katastrofen i Pakistan i fjor, der 1700 menneske mista livet. Dei menneskelege klimagassutsleppa har bidreg til meir ekstremvêr av ulike slag, mellom anna meir styrtregn.

Skadar på menneske har likevel ikkje gått opp. Tvert om har tala falle, tiår etter tiår. No er det, ifølgje databasen EM-DAT, meir enn 97 prosent færre som døyr av klimarelaterte naturkatastrofar enn det var for 100 år sidan. Til dømes var det ein flaum i Pakistan i 1950 som drap 5000 menneske. Sidan då er folketalet i Pakistan auka seks gonger. Sett på denne måten er naturkatastrofar stadig mindre farlege for menneska.

Dei materielle skadane frå naturkatastrofar har auka dei siste tiåra. Klimaendringar er likevel ikkje hovudgrunnen til det. Grunnen er auka rikdom, med større og meir verdifulle bygg og anlegg som vert øydelagde når uvêret set inn. Når vi samanliknar omfanget av skadane med tal for den samla verdiskapinga i samfunnet, har også dette falle.

Men sjølv om naturkatastrofar er mindre farlege for menneska, gjev det meining å kutte klimagassutsleppa. Dypvik skriv at olje- og energiminister Terje Aasland er «ekstremt lite ansvarleg» når han opnar nye område i Nordsjøen for leiting etter meir olje og gass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement