Vidaregåande opplæring er moden for reform

Elever på Dokka skule, ein av skulane i Innlandet som skal leggast ned.
Elever på Dokka skule, ein av skulane i Innlandet som skal leggast ned.
Publisert

Tida er inne for å modernisere vidaregåande opplæring med ein fleksibel og slitesterk struktur som gjev den einskilde ungdom grunnlag for personleg vekst. Auka tilgang til kunnskap og kompetanse vil gje oss meir robuste samfunn og vere til gagn for oss alle.

Frie val til utdanning på øvste hylle er i dag ein eksklusiv rett for ungdom frå sentrale strøk. For å ta vare på breidda i tilboda for desse, og dei er mange, vert sentrale tilbod i distrikta rasert.

Eit viktig argument frå dei nedleggingskåte er at kvaliteten på opplæringa vert betre på skular med mange fagtilbod. Det er ein påstand. Ein skule kan ha mange tilbod med varierande kvalitet. Ein liten skule kan på den andre sida skåre høgt samanlikna med store skular innafor sitt fagfelt. Med nedgang i ungdomskulla vert økonomien som er knytt til desse, redusert.

I staden for å finne ut korleis vi kan gje god opplæring til fleire, tyr ein til dei same prosedyrane som tidlegare med nedlegging av tilbod, men no med meir dramatiske konsekvensar. I staden for å finne ut om den overordna strukturen ikkje held mål i ei tid med færre elevar, vel ein å prioritere store skular med hundrevis av elevar. Kan det tenkjast at det er andre måtar å organisere innhaldet og tilbodet på i vidaregåande opplæring?

Problemstillingane over er sjølvsagt eit overordna politisk ansvar. Men frå regjeringshald er det øyredøyvande stille, både frå kunnskapsministeren, finansministeren og sjølvaste statsministeren. Frå høgresida vert det kvitra om at nedlegging av små skuler er naudsynt.

Etter dei skulepolitiske bulldosarane Gudmund Hernes og Kristin Clemet ser det ut for at rikspolitikarane har lagt seg i «stabilt sideleie». Eit pip har riktignok kome frå Kari Nessa Nordtun, som har ymta frampå om å korte ned på åra barn går i grunnskulen. (Då kjem vi på line med dei fleste andre land i Europa.) Dersom dette vert ein realitet og ein ikkje gjer noko med strukturen i vidaregåande skule, betyr det at ungdom frå distrikta får gleda av å bu på hybelhus frå dei er 14 år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement