Vind er dyrt og vert dyrare
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Trond Arild Ydersbond skreiv førre veke eit innlegg som gav inntrykk av at eg truleg hadde feil då eg i nummeret før der igjen skreiv at havvind er dyrt og i ferd med å verta dyrare.
Same dag som innlegget til Ydersbond gjekk i trykken, kom Equinor med ei børsmelding om at det planlagde flytande havvindprosjektet dei tidlegare hadde sagt dei ville ha ferdig i 2027, Trollvind, no er lagt på is i ukjent tid. Equinor sa nett som eg at kostnadene hadde gått opp. Målet til Equinor var å kunna levera havvind til 1 krone per kilowattime. Det har dei ikkje ein sjanse til no. Og det hadde dei i røynda aldri ein sjanse til.
Trollfeltet, som Trollvind visstnok skulle levera til, hadde heller ikkje trong for prosjektet. Deira forsyningssituasjon hadde ikkje vorte betre. Trollfeltet hadde vore nett like avhengig av den same magasinkrafta som no leverer til feltet. Trollvind kunne heller ikkje ha gjort noko som helst for å halda oppe frekvensen og spaninga i nettet, som Trollfeltet er avhengig av, sidan vindkraft ikkje kan levera tung roterande masse som gjev nettet stabiliteten.
Vind kan heller ikkje gje eit tilskot til sikker momentan balanse, altså at det alltid må stå ein produsent klar når ein forbrukar treng straum. Det må andre energikjelder fiksa. Norsk olje- og gassproduksjon kan ikkje basera seg på vindkraft.
Ydersbond nemnde ikkje med eitt ord at vind ikkje kan stå åleine og difor alltid må ha eit alternativ som kan slåast på når vinden ikkje blæs. Ikkje eit einaste reknestykke som Ydersbond presenterte, sa noko om kven som skal betala for all vindryggdekninga og nettet som må til.
I røynda har ikkje vindturbinselskapa i Europa over tid tent pengar i det heile teke. I 2022 var underskotet til Vestas om lag 5 prosent av omsetninga. Som administrerande direktør i Vestas, Henrik Andersen, sa til Bloomberg i november i fjor: Den største feilen vindindustrien gjorde, var å gje eit inntrykk av at vindkraft vart stadig billigare:
«Det fekk folk til å tru at energi og straum kunne verta gratis. Vi var med på å skapa det inntrykket. Vi har skulda for det. Det var ein feil.»
Vestas har på to år auka prisen på turbinar med 40 prosent målt i euro, 70 prosent i norsk kroner. Framleis tener dei ikkje pengar. Regjeringa trur dei berre må subsidiera Sørleg Nordsjø 1, den fyrste større havvindutbygginga, med 15 milliardar kroner. Det er pengar du og eg skal betala. Regjeringa seier vidare at dei vil gje dei som byggjer ut, ein garantert pris på litt under 70 øre.
Eg trur dei skal slita med å finna nokon som vil byggja ut for den prisen, og det sjølv om Statnett vil at utbyggjarane skal sleppa å betala ei einaste krone for nett og kablar. Det skal vi som bur på det norske fastlandet, gjera.