Vippepunkt og klima
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Folketal
Professor Dag O. Hessen har skrive ein god kronikk om vippepunkt i verdas klima i Klassekampen 11. des. 2023. Det minner om at det kanskje er på tide å skrive om det største vippepunktet i mennesket si historie, som er når talet på personar på kloden når toppen og byrjar å bikke nedover.
Med stort sannsyn er det det einaste som kan stoppe menneskeskapt auke i den gjennomsnittlege temperaturen på kloden.
Det totale forbruk av energi er lik forbruk per person x talet på personar. Auken i fornybardelen av energiforbruket per person vil med stort sannsyn ikkje auke nok til å oppvege konsekvensen av auken i folketalet.
Dei sameinte nasjonar trur at folketalet i verda vil nå toppen på ca. 10,5 milliardar i slutten av vårt hundreår. På klimatoppmøte og mellom klimaaktivistar er det diverre stort sett berre fyrste delen av reknestykket (energiforbruk per person) som er på agendaen.
Det er på høg tid unge klimaaktivistar tek tak i den andre delen, som er folketalet på kloden, og prøver å framskunde vippepunktet for dette til det som kan vere realistisk, midten av vårt hundreår (ca. 2050), og då med noko over 9 milliardar.
For å få til det må slagordet bli fri abort, gratis preventiv til alle og kvinnefrigjering i tråd med Nobels fredspris 2023 i verda generelt og i Midtausten og Afrika spesielt.
Ein annan stor konsekvens av eit slikt vippepunkt, spesielt dersom folketalet går ned, er at auken i forbruket av varer vil stoppe opp, dvs. slutten på økonomisk vekst slik vi kjenner den i dag. Det vil ha enorm positiv verknad på endringa av kloden sin gjennomsnittstemperatur.
Mange meiner at utan økonomisk vekst i form av stadig auke i mengde produsert vare vil dagens samfunnssystem bryte saman.
Det kan enkelt rettast opp ved å flytte ressursbruken frå produksjon av mengde til produksjon av høgare kvalitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.