Wikipedia juksar. Igjen.
For lesarane er det like umogleg som før å vite kven som skriv artiklane, meiner Ottar Grepstad.
Wikipedia.no
Så er det på ‘an igjen. I 2010 slo Allkunne alarm om at Wikipedia-forfattarar juksa med kjeldene og plagierte artiklar i Allkunne. Som hovudredaktør tok eg affære saman med utgivaren. Det er ikkje det mest populære eg har gjort, men det verka. Wikipedia skjerpa krava til kjeldebruk og sjølvstendig framstilling.
For lesarane er det like umogleg som før å vite kven som faktisk skriv artiklane. Wikipedia tenkte stort og originalt då databasen blei lansert, men mylderet av pseudonyme forfattarar gjer at verket her minner om eit kommentarfelt der ein uforpliktande kan gøyme seg vekk.
Oppslag i Steinkjer-Avisa og iLevanger har avdekt kva Wikipedia driv med den dag i dag.
Ein ung mann i Levanger ville brenne eit tilfeldig utval av nynorskbøker på torget i byen 7. mars 2023 i protest mot at «sidemålet nynorsk tar for stor plass i samfunnet». Nokre år tidlegare hadde han vore innblanda i ei rettssak og fått nokre saksdokument på nynorsk. «Dersom man kun forstår bokmål, så har man ikke sjans til å forstå saksdokumentene i sin egen sak», sa han. Kommunen hadde gitt løyve, men politiet meinte at han kunne bli utsett for vald og hadde ingen plan for å handtere dette. «Da blir det for komplisert å gjennomføre», sa Skauge og avlyste brenninga. Dette var første gongen språk i rettssalen var årsaka til at nynorskbøker skulle brennast. Det er ikkje det einaste interessante i saka.
Oppslaga viser at politiet og somme Wikipedia-forfattar har noko sams. Dei les for lite bøker. I boka Brent ord om bokbål mot språk i Noreg viste eg for eit år sidan at mange har brent nynorskbøker offentleg, og at ingen av dei bokbrennarane har vore utsette for fysisk vald eller trugsmål. Bokbål er symbolsk vald, og her til lands er det stort sett høgreekstreme brennarar som er blitt møtte med fysiske svar. Politiet kjende ikkje historia og trekte feil konklusjon.
For å gi lesarane bakgrunnskunnskap gjorde journalistane i trønderavisene det journalistar gjer altfor ofte: Dei sjekkar Wikipedia. Derifrå henta dei nokre opplysningar eg kjende att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.