Tidtrøyte
Hint for hint veke 17
Kva sjanger?
5 POENG: Denne sjangeren har røter i antikken. Eit viktig fransk døme frå 1400-talet har svaret i tittelen: La (…) de maître Pathelin. Den tyske duoen Arnold & Bach briljerte tidleg på 1900-talet.
4 POENG: Ordet kjem frå latin for «stoppe, fylle». To store namn på slutten av 1900-talet var italienske Dario Fo og britiske Alan Ayckbourn.
3 POENG: Arnold & Bach er opphavet til kroneksempelet Den spanske flue.
2 POENG: Nynorskordboka forklarar det slik: «laussleppt skodespel med situasjonskomikk, forviklingar og liknande». Det kan òg vere på film og TV, til dømes Hotell i særklasse.
1 POENG: Komedietypen deler namn med eit kjøt- eller fiskeprodukt og ein type absurd situasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.