Klok på bok
Lys eller mørk?
Sanneleg stod verda til påske i år òg. Med så mykje slinger som det har vore i valsen hittil i 2025, frykta me at påskeharen skulle hoppe over høgtida denne gongen. Slik gjekk det heldigvis ikkje. Alle i Klok-redaksjonen fekk påskeegg. Såleis kan me konkludere med at haren ikkje er redd, og at han ikkje følgjer med på nyhende frå Det kvite huset i Washington D.C.
Gunder Runde skriv: «Dagens tekst verkar filosofisk/intellektuell, og eg får straks assosiasjonar til fransk litteratur. Men Litteraturåret 1932 (Wikipedia) inneheld inga fransk bok som gir meg løysingskjensle. Dermed må eg over på den tunge veg via nobelprisvinnarar (amerikanske). Satsar på dødsår etter 1932. 1936–1938–1950–1954 gir ingen resultat under ’Litteraturåret’. Det gjer derimot 1962, der dødsfallet til William Faulkner er oppgitt. Og då finn eg ganske fort fram til boka, Mørk august, originaltittel Light in August, også utgitt på norsk med tittel Lys i august. Ein av hovudpersonane i boka er Joe Christmas, og etter lang blading i Nasjonalbibliotekets rikhaldige bokliste, finn eg til slutt (ca. på s. 300) namnet til mora, ho heiter Milly. Joe/Joseph/Joey Christmas levde eit omflakkande og traudig liv, sjølv om han hadde kvit hud, vart han klassifisert som ’nigger’, som på 1930-talet var ein katastrofe, i alle fall i dei amerikanske sørstatane, som dannar bakgrunnen til dei fleste av bøkene av Faulkner. Mørk august har to parallellhandlingar, og eit omfattande persongalleri. Faulkner har ofte slike parallellhandlingar, og problematikken kring rase står i fleire av bøkene hans sentralt. Han er rekna som ein av dei store forteljarane i amerikansk boksoge.»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg kom på litt tynn is denne gongen òg. Kva bok var ikkje så vanskeleg å finne med utgangspunkt i tipsa frå Medikus og sluttjustering på oria.no. Det måtte bli romanen Mørk august av William Faulkner. Faulkner døydde i 1962, det året amerikanske John Steinbeck fekk Nobelprisen i litteratur. Og for ein stovegris var det takknemleg å oppdage at boka kan lesast på nettet. Der lyste høgtidsnamnet/personnamnet Christmas mot meg på side etter side. Men namnet på mora til Joe Christmas var verre å finne. Eg måtte jukse vidare og slå opp på ein grundig engelsk omtale av boka. Der er det fulle persongalleriet ramsa opp, såleis med ’Milly Hines, the teenage mother of Joe Christmas’. Nei, etter dette må eg strekkje på føtene her eg har sete så lenge. Men eg kan tenkje meg at både Medikus og mange innsendarar undrar seg over at eg ikkje kan lese boka grundig heller enn å symje ikring på nettet slik. Men eg kan forsikre at eg har lese boka og vart fengsla av forteljinga, så eg såg nesten ikkje opp før siste bladet var vendt. Men likevel for fort, altså, sidan eg ikkje fann namnet Milly under lesinga.»
Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg har ikkje lese denne romanen før, så atter ein gong takk til bokdokteren!»
Rett svar på oppgåve 1670 fekk me frå: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Paul Henrik Hage, Per Trygve Karstensen, Signar Myrvang, Ingebjørg Sogge, Bjørn Ole Bjørnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Roar Øvrebust, Christine Løvold, Ole Husby, Eli Hegna, Tiril Bonnevie, Reidar Birkeland, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Jan Egil Høie, Gunder Runde, Tine Dahl, Terje Baasland, Inger Merete, Kirsti og Grete, John Dag Hutchison, Olav Holten, Odd Johnsen, Ragnhild Eggen, Folke Kjelleberg, Laurits Killingbergtrø, Ole Håndstad, Anne Berit Skaarer, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Irene og Tore på Tranby, Inger Margrethe Berge, Gunnar Bæra, Reidar M. Bringedal, Gunnar Eide, Dei kvasse på Fana, Eirik Holten, Ragnhild Løvås Stenhaug, Marta Kløve Juuhl, Sissel Gunnarshaug, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Robert Øfsti, Ole G. Evensen og Sjur Joakim Fretheim. I dag heiter bokvinnaren Paul Henrik Hage. Gratulerer!
Klok på bok 1672
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.