Tidtrøyte

Quiz veke 8

Publisert Sist oppdatert
Loading...

1. Kor mange år fyller kong Harald den 21. februar? 

2. Sorter desse sitrusfruktene frå størst til minst: appelsin, grapefrukt, lime. 

3. Kva for eit omgrep i samfunnsgeografi er det motsette av ruralisering? 

4. Hinduismen har fleire referansar til dette dyret. Eit døme er Airavata, som Indra rir på. Eit anna er hovudet til Ganesha. Kva dyr

5. Kven av teknologioligarkane rundt Donald Trump er sjef for Doge? Målet er å sløse mindre i byråkratiet. 

6. Kva slags bilete er Frida Kahlo mest kjend for? Slike utgjer 55 av dei 143 måleria hennar. 

7. Kva for eit forteikn viser at ein note skal verte heva med ein halvtone? 

8. Kva slags krem kan vere av merke som australske Kiwi, franske Saphir og spanske Tarrago? 

9. Kva kvinneleg karakter i norsk litteratur vert omtala slik i original språkdrakt: «Uten denne vansirede Mund var hun vel aldrig kommet til ham, Hareskaaret var hans Held»? Me godtek både fornamn og etternamn, eventuelt rolle og verk. 

10. Kva er påleggsnamnet HaPå forkorting for

11. I kva amerikansk TV-serie kjem den eine hovudpersonen brasande inn døra i nesten alle 180 episodane? 

12. Kva øykommune ligg godt over ei mil vest for Karmøy? 

13. Kva øy kjem Liz Mitchell og Marcia Barrett opphavleg frå? Dei var to av originalmedlemmene i Boney M. Dei andre var Maizie Williams og Bobby Farrell, fødde på høvesvis Montserrat og Aruba.

14. Kva minoritet i Finland omfattar rundt 290.000 personar? Dei fleste bur på sørkysten, Åland eller delar av vestkysten. 

15. I kva for eit land er Atyrau og Aktau dei største byane ved eller nær Kaspihavet? 

16. Kva kjend nynorsk profil var kyrkjeminister då jamstillingsvedtaket kom i 1885? Både han og statsminister Johan Sverdrup var pådrivarar for saka. 

17. Kva heiter den særs aktive meteorsvermen som kjem til syne kvar desember? Det ser ut som han strålar frå stjernebiletet Tvillingane, noko namnet viser.

18. Det var mykje atypisk med denne europeiske diktatoren. Han var lite i ålmenta, smilte sjeldan, heldt rolege talar, gjekk med dress, levde nøkternt og var ugift. Økonomiprofessoren kom inn i politikken då landet sårt trong ein finansminister.

19. I kva sport vann Danmark herre-VM for fjerde gong på rad i 2025? Dei arrangerte tevlinga saman med Noreg og Kroatia. 

20. Kva heiter ein kort, lett, kåserande avisartikkel? Ordet tyder «liten» på fransk, etter den vesle skriftstorleiken.

21. I kva for to hundreår levde det folk i Machu Picchu?

Svar på spørsmåla:

1. 88 år

2. Grapefrukt, appelsin, lime

3. Urbanisering

4. Elefant

5. Elon Musk

6. Sjølvportrett (Ho måla òg portrett av andre, men desse er mindre kjende.)

7. Kryss (#)

8. Skokrem

9. Inger Sellanraa (Ho er kona til Isak Sellanraa, hovudpersonen i Markens grøde.)

10. HamarPålegg

11. Seinfeld (Signaturen høyrer til Cosmo Kramer.)

12. Utsira kommune

13. Jamaica

14. Finlandssvenskar (Det vil seie den svensktalande delen av innbyggjarane i Finland.)

15. Kasakhstan

16. Elias Blix

17. Geminidane

18. Antonio de Oliveira Salazar (Han var diktator i Portugal frå 1932 til 1968.)

19. Handball

20. Petit (Det vert òg kalla petitartikkel. Dag og Tid har petit kvar veke under vignetten «Lita skrift».)21. 1400- og 1500-talet

0–4 rette: Tonedauv

5–9 rette: Sløste bort eit og anna poeng

10–14 rette: Lett og ledig i stilen

15–19 rette: Brasar stadig inn døra med rett svar

20–21 rette: Kremen