Tidtrøyte
Quiz veke 9

1. Kva for tre land som høyrer saman, har nyss kopla seg av straumnettet til Russland og inn på resten av EU?
2. Kva strykar i symfoniorkesteret vert spelt ståande, eventuelt sitjande på ein høg stol?
3. I kva sport har spelarane tradisjonelt desse fem posisjonane: point guard, shooting guard, small forward, power forward og center?
4. Nemn eit av åra Suezkanalen vart bygd.
5. Kva er det BNP gjer i minst to kvartal på rad i ein resesjon: aukar eller minkar?
6. Kva by, ein av dei største i det skotske høglandet, ligg ved foten av Ben Nevis og trekkjer særs mange fjellturistar? Han har namn etter eit festningsanlegg som ikkje finst meir. Det vart oppført til ære for monarken som døydde i 1702.
7. Bodilprisen er oppkalla etter danskane Bodil Ipsen og Bodil Kjer. Kva var det felles yrket deira?
8. Då Kyle Alessandro vann årets MGP, var det pauseinnslag til ære for Rolf Løvland. Nemn ein av dei fire songane hans som vart framførte.
9. Halldis Moren Vesaas kunne fleire språk og fekk Bastianprisen i 1961 for Fedra. Då omsette ho frå kva for eit språk?
10. Kva komikar sjokkerte sjåarane av Åpen post i 1999 med å vise «skrukken»?
11. Kva er det medisinske namnet på «skrukken» (hudpartiet mellom anus og dei ytre kjønnsorgana)? Norsk eller latin.
12. Kva norsk konge er gutungen på måleriet «Birkebeinerne»? Me ser han på flukt med Torstein Skevla og Skjervald Skrukka, noko som inspirerte Birkebeinerrennet.
13. Kva er ei skrukke når det ikkje er tale om ujamnar: ei grotte, ei lita korg eller ei ugift kvinne?
14. Kva for eit stoff (tekstil) vart mangletre mest nytta til å glatte ut skrukkar i?
15. Skrukketroll skil seg ut blant krepsdyr ved å vere terrestriske. Kva tyder det?
16. Rynker er skrukkar i huda. Vanlege årsaker er aldring, soling og kva usunn aktivitet?
17. Skrukkelia i Hurdal kommune var blant dei første norske stadene som fekk busetjing av kva folkegruppe? Dei kom på 1600-talet og er ein av dei fem nasjonale minoritetane våre.
18. Kva for tre ord står namnet Skruk for? Dei er ein gjengangar på Kirkelig Kulturverksted.
19. Kva slags sopp er skrukkeøyre, med namn etter ei matvare?
20. Kva by har i 2025 fått nytt kulturkvartal med kunstmuseet PoMo og Nye Hjorten Teater? Dei ligg meir eller mindre i skrukk ved Britannia Hotell.
21. Då Gregor Mendel grunnla genetikken, såg han på sju eigenskapar hos erteplanter. To av desse gjeld ertene. Den eine er gul versus grøn farge. Kva er den andre?