Reportasje

Monetære ferdaminne frå Georgia

I Georgia har dei slege mynt frå aralds tid. I dag vert det mynta flust av bitcoin for eksport – medan euro og amerikanske dollar florerer jamsides den lokale pengeeininga lari.
  

Publisert Sist oppdatert

Georgia on my mind: Landet, ikkje den amerikanske delstaten, er ein pengemessig smeltedigel de luxe. Dei fyrste myntane i Georgia vart slegne i det sjette hundreåret før Kristus, og vert rekna å vera blant dei eldste i verda.

I vår tid driv særleg det digitale myntverket Bitfury – med ein komplisert selskapsstruktur som til sjuande og sist kan sporast til «skatteparadiset» Cayman Islands – med storstilt bitcoin-utvinning i ei økonomisk «frisone» i Tbilisi.

Eg les i Bitcoin Magazine at i Georgia går (truleg) 10 prosent av straumforbruket med til å mynta bitcoin. Desse digitale myntane vert eksporterte til høge prisar i amerikanske dollar.

Eg skriv at i Georgia liknar myntar på kameleonar som skifter med tida og tilhøva gjennom tusenvis av år: frå sirkelrunde gjenstandar av edelt metall til eitkvart abstrakt, digitalt og beintfram kryptisk.

Eg vil utforska dette monetære landskapet for eiga rekning; eg kontaktar sentralbanken i landet og kartlegg relevante museum på førehand. Dinest landar eg på den internasjonale flyplassen attmed hovudstaden Tbilisi midt på natta etter mellomlanding i Istanbul.

Drosjeturen inn til gamlebyen og Theory Hotel betaler eg i praksis med setlar i den lokale valutaen lari. Reint språkleg tyder namnet på den pengeeininga eigedom eller meir presist «oppbevart verdi». Nemninga viser såleis til ein tidlaus eigenskap ved pengar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement