Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Alt vi har sagt, har blitt realitet

Om vi ikkje hadde følgt kriteria for statsstøtta, ville vi vore fjerna frå budsjettet for lenge sidan, seier Rita Karlsen i HRS.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2751
20170317
2751
20170317

Rita Karlsen, dagleg leiar i HRS, var ikkje kjend med rapporten frå IMDi før Dag og Tid senda han til henne.

– Dette var interessant lesnad. Dette fortel at dei ikkje likar HRS, og difor vil ha oss ut av ordninga, seier Karlsen.

– I rapporten heiter det at virket til HRS kan bidra til å skape mindre tillit og mindre samfunnsdeltaking i innvandrarbefolkninga – altså det motsette av intensjon med tilskotet?

– Å vere kritisk til dagens innvandringspolitikk er ikkje innanfor. Og kritisk til islam skal ein ikkje vere. Dei som har skrive rapporten, veit openbert ingenting om arbeidet vårt.

– I rapporten står det: «HRS har de senere årene hatt en retorikk som av flere blir ansett som fremmedfiendtlig og muslimfiendtlig.» Er det feil?

– Sjølvsagt er det feil, men eg kan ikkje nekte folk å meine det. Den enorme interessa for HRS viser at det er behov for oss. Men innvandringskritikk blir stempla som framandfiendtleg og muslimfiendtleg.

– På kva måte meiner du at verksemda til HRS bidreg til større tillit til samfunnet i innvandrarbefolkninga og større samfunnsdeltaking blant innvandrarar?

– Vi går framfor og brøytar veg. Vi er avantgarden på dette området, og alt vi har sagt, har blitt realitet. Ingen har påvist feil i rapportane og analysane våre. Vi var dei første som sette innvandrarrekneskap på dagsordenen.

– Men korleis bidreg HRS til større tillit til samfunnet i innvandrarbefolkninga?

– Fordi vi er ei røyst som seier frå om at det er ei rekkje problem med innvandringa. Om alle seier at alt er fint og flott, tek ingen tak i problema.

– «Vi kan ikke se at HRS har solid forankring i noe innvandrermiljø», heiter det i gjennomgangen til IMDi. Er du samd i den vurderinga?

– Eg veit ikkje kva dei meiner med innvandrarmiljø. Det er få som har kontaktar i så mange ulike innvandrargrupper som vi har.

– HRS har trekt fram boka Islam. Den 11. landeplage av Hege Storhaug som eit sentralt prosjekt for dykk. Er den boka eigna til å skape tillit til det norske samfunnet blant muslimske innvandrarar?

– Boka skulle skape debatt om islam, og det har ho gjort i rik mon. Vi går framfor og brøytar veg.

– Meiner du at verksemda til HRS er i tråd med kriteria for statstilskotet til ressursmiljø på integreringsfeltet?

– Sjølvsagt. Om vi ikkje hadde følgt kriteria, ville vi vore fjerna frå budsjettet for lenge sidan, seier Rita Karlsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Dei som har skrive rapporten,

veit openbert ingenting om

arbeidet vårt.»

Rita Karlsen, HRS

«HRS sitt samlede virke kan bidra til å skape

mindre tillit og mindre deltakelse hos innvan-

drerbefolkningen.»

Rapport frå IMDi, 2016

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis