– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Ifølge ei meiningsmåling gjord av Norstat denne veka hamnar Senterpartiet under sperregrensa med ei oppslutning på 3,8 prosent. I stortingsvalet i 2021 fekk partiet 13,5 prosent. Korleis er det å vere med på denne nedturen?
– Senterpartiet har hatt ei gjennomsnittsmåling dei siste månadene på over 6 prosent. I november var snittet 6,6 prosent. Målinga som viser at me er under sperregrensa, var ei einskildmåling, og eg opplever ikkje det som ein varig trend. Sp hevar seg tradisjonelt i valkamp, og kjem til å gjere eit godt val i 2025.
– Men det er jo eit stort fall frå stortingsvalet same kva.
– Ja. Det er ingen tvil om at det har vore eit fall, og at Sp har gått kraftig ned etter det gode valet i 2021. På same tid er det slik at det kvart fjerde år er store meiningsmålingar. Slik fungerer det i det norske demokratiet. Veljarane seier sitt. Me kan ikkje styre berre ut frå målingane, og me deltar jo ikkje i eit OL i meiningsmålingar. Difor held me fram med å arbeide for det me trur på, og som me meiner er bra for heile landet, ein politikk som utviklar by og bygd i heile Noreg. Me styrer trygt basert på mandatet folket gav oss i 2021. Ikkje éi einaste røyst er avgitt i 2025, men då er folket igjen suverene til å sette saman Stortinget.
– Kvifor trur du Sp har gått så mykje ned på meiningsmålingane?
– Det me ser i heile verda, ikkje berre i Europa, men globalt, er at dei færraste som styrer demokratiske land, blir populære blant veljarane. Slik har det jo eigentleg alltid vore, men no er det slik i aukande grad. Me har styrt eit land i ei utruleg krevjande tid. Denne regjeringa tok over midt i ein pandemi, så kom det ein krig i Ukraina som har påverka alt denne regjeringa har arbeidd med. Me blir også påverka av støyen hos partnaren vår, Arbeidarpartiet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.