JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Staten tvinga fram forlik

Begge reindriftsgruppene på Fosen meiner staten har nytta «pistol mot tinningen» for å presse reindriftsnæringa til å akseptere at vindturbinane blir ståande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reinsdyr vandrar rundt vindmøllene på Storheia vindpark, som er den største av vindparkane i porteføljen til Fosen Vind.

Foto: Heiko Junge / NTB

8703
20240223

Fosen-saka

Statkraft og Fosen Vind fekk i 2010 konsesjon til å bygge ut vindmøller i reinbeiteområda på Fosen.

Saka gjekk gjennom mange rettsrundar før Høgsterett i oktober 2021 konkluderte med at vindmøllene var i strid med retten samane har til å utøve kulturen sin.

Vindturbinane står framleis, og ifylgje energiminister Terje Aasland er det uaktuelt å rive dei.

Fosen

vidar@dagogtid.no

Like før jul vart det forlik i meklinga mellom Sør-Fosen siida og Fosen Vind DA. Meklinga mellom Nord-Fosen siida og Roan Vind har ikkje ført fram. Men det har vorte ein krass tone i brev frå advokatane for nord-gruppa til statsminister Jonas Gahr Støre.

Statsministerens kontor har sensurert brev frå advokatane gjennom omfattande sladdingar. Dag og Tid har likevel fått fatt i dokumentet i usladda versjon frå Sametinget.

I svarbrev til advokatane kjem Støre med formuleringar som reineigarane tolkar som trugsmål om at staten vil diktere «løysingar» om ikkje reindriftssamane gjev etter og inngår forlik.

Partane var innkalla til nytt meklingsmøte 30. januar, men har ikkje vore viljuge til å opplyse noko om dette møtet. Riksmeklar Mats Ruland vil ikkje eingong stadfeste at meklingsmøtet vart halde. Leiaren for Nord-Fosen siida, Terje Haugen, stadfester at møtet vart halde. Han opplyser at det også var eit meklingsmøte 6. februar, utan at han vil seie noko om innhaldet.

Kravde riving

Utan ei meklingsløysing «må staten raskt gå videre med arbeidet med et omgjøringsvedtak i saken», skriv Støre i brev til advokatane for nord-gruppa som ikkje har inngått forlik.

«Et nytt vedtak må sikre at situasjonen på Nord-Fosen er i tråd med SP (FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar) artikkel 27. Det er statens plikt. Partene vil imidlertid ha mindre kontroll på valgte løsninger enn i en minnelig avtale», skriv Støre.

Begge reindriftsgruppene kravde riving av vindturbinar i kvar sine beiteområde. I vinterbeiteområdet til Nord-Fosen siida står det 201 vindturbinar. Siidaen har akseptert 130 av desse, men kravd at 71 må rivast og eventuelt flyttast.

Sør-gruppa gjekk med på ei meklingsløysing like før jul og aksepterte at 80 vindturbinar i vinterbeitet på Storheia blir ståande konsesjonsperioden ut. Utbyggaren betaler ein årleg kompensasjon på sju millionar kroner (med indeksregulering) i konsesjonsperioden. Altså totalt 175 millionar kroner dei 25 åra konsesjonen varer, som skal dekke utgiftene til transport og opphald for rein og folk til nytt vinterbeite.

– Vi fekk klar beskjed frå statsråd Terje Aasland gjennom meklinga om at riving av vindturbinar var uaktuelt og ikkje var noko tema. Alternativet til ei meklingsløysing der vi fekk innverknad, var eit forvaltningsvedtak der vi mista all påverknad og staten bestemte alt. Slik dette utvikla seg, såg vi ikkje at vi hadde anna å gjere enn å akseptere det første alternativet. Vi er samde med nord-gruppa i at vi forhandla med ein pistol mot tinningen.

Dette seier Leif Arne Jåma, talsmann for Sør-Fosen siida, til Dag og Tid.

Dagleg leiar Tom Kristian Larsen i Fosen Vind (t.v.), leiar Leif Arne Jåma i Sør-Fosen siida og olje- og energiminister Terje Aasland etter at meklinga mellom Sør-Fosen siida og Fosen Vind har resultert i ein minneleg avtale mellom partane.

Foto: Arvid Samland / Olje- og energidepartementet / NTB

«Voldsomt pressmiddel»

Advokatane som opptrer på vegner av Nord-Fosen siida, har i brev til statsminister Jonas Gahr Støre brukt nettopp dette uttrykket at «Nord-Fosen siida forhandler med en ’pistol mot tinningen’». Og dei grunngjev dette slik:

«Siidaen er gjentatte ganger opplyst fra OED og utbyggerne at alternativet til et forlik er at det fattes et nytt forvaltningsvedtak (av OED), og at det uansett vedtakets innhold vil ende med mange nye år i domstolene, mens Roan vindkraftverk blir stående. Det vil si et utfall som innebærer at reindriften bryter sammen.»

Det er mot ein slik bakgrunn ein må forstå at Sør-Fosen siida gjekk med på meklingsløysinga som vart presentert like før jul, forklarar Leif Arne Jåma.

«Belastande»

Statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Energidepartementet svarar slik på kritikken:

– Fosen-saka har vore krevjande for alle partar, og det er ikkje tvil om at saka har vore aller mest belastande for dei familiane som driv med reindrift på Fosen. Dei har måtta leve med denne konfliktsaka i mange år. Tilbodet om mekling med eit uavhengig meklarteam for å løyse saka har vore eit frivillig tilbod som partane har valt å nytte seg av. Eg er glad for at partane og staten gjennom denne meklingsprosessen har kome fram til ei samlande, god og framtidsretta løysing for Sør-Fosen. Mitt håp er med dette at også nye generasjonar kan sjå at det er mogleg å føre vidare reindrifta på Fosen. Meklinga om Nord-Fosen går framleis føre seg, og me håpar at det også her er mogleg å finne ei god løysing gjennom ein minneleg avtale.

– Uansett er siktemålet vårt å få fjerna vindturbinane og restituert vinterbeitet på Storheia når konsesjonsperioden går ut i 2045.

Leif Arne Jåma, Sør-Fosen siida

Forliket

– Gjennom avtalen vi har inngått, har staten påteke seg ansvar for å skaffe eit nytt alternativt vinterbeite for heile flokken vår, som utgjer ein vårflokk på 1050 dyr. Det omfattar også transport av flokken, vår og haust, mellom vinterbeitet og sommarbeitet vårt her på Fosen. Dette er statens ansvar gjennom heile konsesjonsperioden for vindkraftverka som har ei løpetid på 25 år. Kostnadane er det utbyggaren som skal dekke, seier Jåma.

– Kvar skal vinterbeitet ligge?

– Det kan vi ikkje seie noko om i dag, anna enn at det må bli sør for Fosen. For eit nytt vinterbeiteområde kan ikkje leggast slik at det kjem i konflikt med samisk reindrift. Då må ein sørover. Nordover vil det bli konflikt med eksisterande reindrift. Vinterbeitet må ha brukbar storleik og ligge slik til at det er grei transport inn og ut. Vi skal vere med i prosessen med å finne høveleg beite. Der kan dei ikkje træ noko ned over hovudet på oss.

Jåma seier han meiner det er realistisk å finne slike beiteområde, men vil ikkje ut med kva område han har i tankane. Han kan heller ikkje seie kor store beiteområde som trengst. Det er avhengig av kvaliteten på beitet.

– Uansett er siktemålet vårt å få fjerna vindturbinane og restituert vinterbeitet på Storheia når konsesjonsperioden går ut i 2045, seier Leif Arne Jåma.

Statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Energidepartementet opplyser at departementet tek sikte på at nytt vinterbeite kan vere tilgjengeleg vintersesongen 2026–27. Men kvar ein skal finne arealet, er ifylgje Sæther uvisst.

– Staten vil innan kort tid setje ut eit oppdrag for å kartlegge moglege tilleggsareal for vinterbeite utanfor Fosen reinbeitedistrikt. Staten vil deretter i forståing med reindrifta vurdere aktuelle areal, slik at det blir sikra at Sør-Fosen siida meiner arealet er eigna, seier Sæther.

Fastlåst i nord

Det står i dag 201 vindturbinar i drift på vinterbeita til Nord-Fosen siida. Opplysningane i avsnitta nedanfor er henta frå dokument som Statsministerens kontor har sladda og nekta innsyn i:

Siidaen har i forhandlingane akseptert at 130 av desse blir ståande, men kravd at 71 blir fjerna, i første omgang 45. Dei har vidare kravd standardkompensasjon som grunneigarar og erstatning for ulovleg oppføring og drift. Dei meiner det skal skje som ein prosentdel av innteninga på drifta av vindturbinane.

Framlegget frå reindrifta vart avvist då partane møttest 24. november. Ifylgje advokatane til reindrifta var grunngjevinga at motparten ikkje ville akseptere nokon reduksjon i inntektene sine frå kraftproduksjonen.

Advokatane skriv vidare at dei oppfattar at det er «ingen uenighet om at menneskerettsbruddet må repareres. Uenigheten gjelder fordeling av regningen. Statkraft har sagt seg villig til å avslutte menneskerettsbruddet ved tilbakeføring av beiteland, så lenge staten tar regningen. Staten på sin side har stilt seg positiv til en avtale om tilbakeføring av beiteland, men regningen må utbygger ta. Den fastlåste situasjonen skyldes altså at staten og Statkraft sitter og peker på hverandre. Ingen vil ta ansvar for reparasjon.»

Ny konflikt

Statsråd Terje Aasland sende 18. desember i fjor ut ei kunngjering om innhaldet i avtalen som var mekla fram for Sør-Fosen siida. Her opplyste han at departementet meinte at det ikkje var naudsynt å omgjere konsesjonsvedtaket som Høgsterett hadde underkjent som ugyldig 11. oktober 2021.

15. januar i år kom Sametinget med ein reaksjon og meinte det tvert om er viktig å få eit nytt offentlegrettsleg vedtak. Sametinget påpeika at når Høgsterett har slege fast at konsesjonen er ugyldig, blir ikkje konsesjonen gyldig igjen ved at det er inngått ein privatrettsleg avtale mellom reindrifta og Fosen Vind. Departementet stod på sitt då partane møttest på administrativt nivå i departementet 24. januar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis