Helse

Å ete er ingen spøk

Bør vi ete med glede? Vi guidar deg gjennom innspela til nye nasjonale kostråd.

To til tre fiskemiddagar i veka og grønsaker eller frukt til kvart måltid. Det er hovudpunkt i forslaga til nasjonale kostråd frå Helsedirektoratet.
To til tre fiskemiddagar i veka og grønsaker eller frukt til kvart måltid. Det er hovudpunkt i forslaga til nasjonale kostråd frå Helsedirektoratet.

«Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket og et med glede.»

Slik lyder det første nye nasjonale kostrådet frå Helsedirektoratet, omsett til nynorsk. Orsak, det første forslaget til nasjonalt kostråd. Det er slett ikkje sikkert at korkje det første, andre, tredje, fjerde, femte eller sjette forslaget til nye kostråd vert ståande som i dag, for som enkelte kanskje har fått med seg, har alt det første rådet skapt kontrovers.

Altså, ikkje at kosten skal vere variert, og heller ikkje at vi skal velje mest mat frå planteriket. Men skal vi verkeleg ete med glede?

Her er det sprik i laget, for å seie det forsiktig. Forslaga frå Helsedirektoratet har vore på høyring, og til saman 236 enkeltpersonar, selskap, organisasjonar og institusjonar har teke fram den raude pennen.

Sett i bås

Høyringsinnspela kan verte kategoriserte på mange ulike måtar. Helsedirektoratet har valt sin måte – å plassere dei alfabetisk inn i eit Excel-ark, der innspela til kvart råd kjem under kvarandre, om ein skrollar både nedover og til høgre og venstre. Dei som føretrekkjer denne måten, kan gå direkte til helsedirektoratet.no.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement