JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Å hevde retten sin

Sjølv om den frie rettshjelpa har fått eit løft, treng ho ei reform, meiner Cathrine Moksness i Rettssenteret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I dag får du rettshjelp om du tener mindre enn 350.000 eller 540.000 som par.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

7670
20240202
7670
20240202

Rettshjelp

pernille@dagogtid.no

Sjå føre deg at du lid av ein kronisk sjukdom som gjer at du ikkje kan arbeide. Etter mangeårig konflikt med Nav blir du nekta uføretrygd. Saka vart så komplisert at du engasjerte advokat. Sjølv om inntekta di er låg, er ho likevel for høg til at du får dekt advokatutgiftene frå staten. Sjølv meiner advokaten din at du har krav på uføretrygd, og at du bør ta saka vidare til domstolane. Om du ikkje gjer det, får du ikkje dei ytingane du kan ha krav på. Men om du går til sak og taper, er du endå dårlegare stilt enn før.

Det er ein grunnstein i rettsstaten at borgarane har tilgang til rettssystemet. Styresmaktene er forplikta til å syte for det. Og skal vi tru studiar, er alt som det skal vere. I november 2023 kom vi på andreplass på Rule of Law-indeksen (Danmark er på topp). Lista byggjer på svar på meiningsmålingar frå innbyggjarar i over 40 land. Ifølgje målinga meiner vi at dommarane i Noreg er ikkje korrupte. Forvaltninga vår er open og gjennomsiktig, og straffesakshandsaminga er rettferdig. Jamt over ser vi på domstolane som kompetente og uavhengige.

Likevel er det komplekst å finne fram i regeljungelen, særleg i forvaltninga. Ofte treng folk advokathjelp i klageprosessen. Endar saka i retten, blir det fort dyrt. Ifølgje tal frå rapporten «Den tredje statsmakt» frå 2020, levert av Domstolskommisjonen, var gjennomsnittlege sakskostnader 270.000 2019-kroner i forvaltningssaker. Med prisstigninga dei siste åra er det ingen grunn til å tru at det har vorte billigare. Kor god er då tilgangen til domstolane, for vanlege folk?

– Vi treng ei ny rettshjelpsordning basert på behova til klienten, om vi skal få likskap for lova. Det hjelper ikkje å ha rett om du ikkje kan hevde den retten.

Cathrine Moksness, leiar i Rettssenteret

Indeksregulering

Rettshjelpsordninga skal bøte på kostnadsproblemet. Fri rettshjelp inneber at staten tek advokatutgiftene, fullt ut eller delvis, avhengig av sakstype. Nokre saker gjev automatisk rett på hjelp, fordi saka har store konsekvensar for den det gjeld. I andre saker er det inntekta som avgjer om du får rettshjelp. Juristar har lenge peikt på at ordninga er for snever, og at inntektsgrensene er for låge.

I dag får du fri rettshjelp berre om du tener mindre enn 350.000 kroner, eller 540.000 for par. Sjølv om dette er eit løft samanlikna med 2021, har fleire juristar peikt på at auken vart eten opp av inflasjon.

Rett før jul vann likevel rettshjelpsordninga ein siger, då Stortinget vedtok ei endring i korleis inntektsgrensa vert rekna ut. Når endringa trer i kraft, kan dei med inntekt på inntil 5G – det vil seie inntil 593.100 kroner – søkje om behovsprøvd fri rettshjelp. Dermed vert inntektsgrensene automatisk indeksregulerte. Dei fleste søkjarane må likevel framleis betale ein eigendel, og behovsprøvinga gjer at summen ein får dekt, vil variere med inntekt. Framleis er ordninga knytt til nokre få saksområde.

Difor held arbeidet for å betre rettshjelpa fram. Rettshjelpalliansen, skipa av blant andre ideelle rettshjelpstiltak, Advokatforeningen og Rettspolitisk forening, arbeider for å utvide kva sakstypar som gjev rett på dekning. Dei meiner ordninga også bør omfatte til dømes sosial dumping, mobbing i skulen, arbeidslivstvistar og diskrimineringssaker. Grunngjevinga er at slike saker påverkar dei grunnleggjande rettane til folk.

Cathrine Moksness er dagleg leiar i Rettssenteret og medlem i Retts­hjelputvalet.

Foto: Hoan Nguyen.

Salærsatsen redusert

Kva med satsen som staten betaler når advokatar tek på seg oppdrag for det offentlege? Seinast før jul tilrådde Salærrådet, eit uavhengig organ som skal gje råd om kva satsen bør liggje på for å vere berekraftig, at han burde setjast til 1464 kroner frå 1. januar. Justisdepartementet følgde ikkje rådet, men fastsette salæret til 1215 kroner i framlegget til statsbudsjettet for 2024. Tala som departementet la fram til Salærrådet, synte at staten hadde redusert potten for offentleg betalt advokathjelp med 219 millionar kroner frå 2016 til 2021 – frå om lag 1,6 til 1,4 milliardar årleg.

Jon Wessel-Aas, leiar i Advokatforeningen, kalla beløpet i framlegget til statsbudsjettet for «ikkje berekraftig» i Advokatbladet, og fleire forsvarsadvokatar karakteriserte det som eit lovnadsbrot. Justisminister Mehl måtte forklare seg for Stortinget i oktober. Der viste ho til «andre viktige prioriteringar», som å setje av pengar til opptak av lyd og bilete i domstolane.

– Satsen har lenge vore betydeleg under berekraftig nivå, og sjølv med den vesle auken i år gjer inflasjonen at han reelt har gått ytterlegare ned, seier Wessel-Aas.

I tilrådinga for 2024 påpeikte rådet, noko lakonisk, at departementet ikkje hadde gjort det tydeleg korleis dei tenkte at salæret skulle regulerast vidare dei neste åra: «For at Salærrådet i sitt videre arbeid skal kunne yte et konstruktivt bidrag i samsvar med vårt mandat og oppfylle intensjonene i partenes avtale, er Salærrådet avhengig av at partene tilkjennegir synspunkt på de råd som blir gitt.»

Vidare viste rådet til eit anna problem, nemleg tendensen til at det offentlege betaler sine eigne advokatar betre enn advokatar som representerer private på oppdrag frå staten. Hovudomsynet bak nivået på salærsatsen må vere å sikre effektiv og god juridisk bistand, for å sikre at også erfarne advokatar tek på seg offentlege oppdrag, meinte rådet.

Jon Wessel-Aas er leiar i Advokat­foreningen.

Foto: Monica Kvaale

– Satsen har lenge vore betydeleg under berekraftig nivå.

Jon Wessel-Aas, leiar i Advokatforeningen

Reform naudsynt

Les ein mellom linene, kan ein sjå eit signal om at for låge offentlege satsar skaper eit klasseskilje i tilgangen til rettssystemet ved at offentlege oppdrag ikkje vert attraktive for advokatane. Utan ei justering vil ikkje rettshjelpa treffe slik ho er tenkt.

Dagleg leiar i Rettssenteret og tidlegare leiar i Gatejuristen, Cathrine Moksness, er samd i at rettshjelpsordninga ikkje er treffsikker slik ho er i dag. Ho var medlem i Rettshjelputvalet, og har jobba med temaet i lang tid. Hennar synspunkt er at tilbodet om ikkje-kommersiell rettshjelp er stort, men at tilbodet er fragmentert og ujamt geografisk fordelt. Ho peiker på at ordninga i dag er kostbar, samtidig som at ho ikkje når dei som treng hjelpa mest. Ho meiner difor at rettshjelpsordninga treng ei total reform.

I hennar auge bør styresmaktene opprette regionale rettssenter med ulike utviklingsoppgåver, og dei bør ha ansvar for å utvikle eit godt tilbod om lett tilgjengeleg juridisk førstehjelp – ei førstelineteneste – som skal gje folk råd, løyse enkle spørsmål og klargjere vidare steg i ein juridisk tvist.

– Vi treng ei ny rettshjelpsordning basert på behova til klienten, om vi skal få likskap for lova. Det hjelper ikkje å ha rett om du ikkje kan hevde den retten. Mange har ikkje tilstrekkeleg rettstryggleik. Dei treng tilgang på gratis og lett tilgjengeleg rettshjelp, av god kvalitet, der dei bur.

Moksness er likevel ikkje uroa for at dette skal føre til auka advokatutgifter eller press på domstolane, fordi sakene kan og bør løysast på lågast mogleg konfliktnivå.

– Eg tok dissens i Rettshjelputvalet og føreslo ein utviklingsmodell som innebar å nytte ressursane som alt finst blant advokatar, juristar, friviljuge og andre, i eit samspel mellom privat, offentleg og ideell sektor. Spesielt meiner eg at førstelinetenesta vil vere eit viktig verktøy for å syte for effektiv ressursbruk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis