Å vere påskruddKor mykje av ansvaret for elevane på nett skal lærarane eigentleg ta?Det er etter lunsjtid, første året på vidaregåande, og vi har engelsk. Læraren har ikkje kome inn enno, og eg sit med edderkoppkabalen på skjermen medan eg ventar. Klasseka
Kor mykje av ansvaret for elevane på nett skal lærarane eigentleg ta?
I dag ser dei fleste klasserom slik ut. Teknologien er ikkje lenger ein fritidssyssel, men ein sjølvsagd del av kvardagen.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix
Det er etter lunsjtid, første året på vidaregåande, og vi har engelsk. Læraren har ikkje kome inn enno, og eg sit med edderkoppkabalen på skjermen medan eg ventar. Klassekameraten ved sida av meg vippar stolen faretrugande langt til sida for å snakke til meg.
– Har du ikkje Facebook, Mone?
Den hese kviskringa hennar og dei opptrekte bryna vitnar om at dette heilt klart er ein skandale. Eg skakar på hovudet. Raskt blar ho opp rett nettside, trykkjer på «opprett profil» og ser forventningsfullt på meg.
Eg rettar ryggen og tek til å oppsummere meg sjølv for ei ny, virtuell verd: «Namn: Mone. Heimstad: Ytre Søre Sunnmøre»...
Men no er ikkje denne verda ny lenger. Ho er gammal nok til at lærarar sjølv kallar inn til og minner om møte, fellesaktivitetar og dugnadar gjennom nett og sosiale medium. Og store delar av fellesplattformene for elevar og lærarar ligg på nettprogramma itslearning og Fronter. Vi har til og med fått ein paragraf i opplæringslova som skal sikre at lærarane har eit visst ansvar for elevane også når det gjeld det som skjer på nettet utanfor skuletida.
For når Instagram og Snapchat har vorte like naturlege som å pusse tennene, er det kanskje naudsynt å vere føre var. I 2016 slo nemleg Norsk senter for informasjonssikring fast at ungdom er dårlegare enn resten av befolkninga på nettvett. Ifølgje forskning.no denne månaden vert sjølvtilliten svekt av berre å knipse ein sjølvis og dele han på sosiale medium. Og endå meir svekt om ingen deler biletet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.